Faktaboks

Arthur Arntzen
Fødd
10. mai 1937, Tromsø, Troms og Finnmark
Verke
Journalist, forfatter, skuespiller og humorist
Familie

Foreldre: Gruvearbeider Petter Berg Arntzen og Olga Marie Moshaug.

Gift med Randi Bangsund (28.12.1941–), datter av salgskonsulent Erling Erlingsøn Bangsund (1919–) og hustru Gunvor (1914–).

Arthur Arntzen som Oluf (1991)
Arthur Arntzen som Oluf i 1991. Arntzen opptredde i ei årrekkje med figuren Oluf, som vart vide kjend for skinnhuva, den muntre fliren og kommentarane sine til aktuelle samfunnshendingar.
Arthur Arntzen som Oluf (1991)
Av /NTB.

Arthur Arntzen er ein norsk journalist, artist og forfattar. Han er særleg kjend for framføringa si av figuren Oluf, som han har turnert med på tallause scener, og som elles er presentert i bøker, på plate, på teater og TV.

Arthur Arntzen vart fødd i Tromsø. Han voks opp i tronge kår ulike stader på Tromsøya, i Gratangen og Tromsdalen. I 1960 tok journalistkarrieren til, først i avisa Tromsø fram til 1964, deretter ved Lofotpostens Tromsø-kontor i 1964–1968 og sidan ved Dagbladets Tromsø-kontor i 1968–1989.

I tillegg til dei mange bøkene om Oluf og dei andre figurane i den fiktive Rallkattlia har Arntzen skrive fleire andre bøker, mellom anna ein serie om nordnorsk forteljartradisjon og humor, men også om tema som kunst, lyrikk og fotball.

Oppvekst

Arthur Arntzen med signerte fotballdrakter (2017)
Arthur Arntzen med signerte drakter frå fotballaga Bodø/Glimt og Tromsdalen som han fekk i høve 80-årsdagen i 2017. Arntzen har gjennom ei årrekkje spela fotball sjølv, på laget til Tromsdalen, og han har skrive bok om Bodø/Glimt-trenaren Harald «Dutte» Berg.
Arthur Arntzen med signerte fotballdrakter (2017)
Av /NTB.

Foreldra til Arntzen, Petter Berg Arntzen og Olga (fødd Moshaug), kom frå Gratangen, men dei drog til Tromsø då det var på det reine at Olga bar det første barnet deira. Dei livnærte seg av ymse dagarbeid og vaskejobbar og flytta mykje rundt på Tromsøya, men faren vart etter kvart stadig meir arbeidsufør. I sjølvbiografien Småkarer under frostmåne, som han skreiv saman med Arvid Hanssen,fortel Arntzen om ein oppvekst i materiell fattigdom, som samtidig var prega av mykje humor og varme, og som gav han mange lyse minne.

Figuren Oluf

Oluf vart skapt i ungdomslaget

Som tenåring gjekk Arthur Arntzen i ungdomslaget Freidig i Tromsdalen, der familien då budde, og han tok til å opptre i laget med underhaldningsinnslag med figuren Oluf. Han arbeidde to sesongar som dreng på garden Bakkeringen i Balsfjord, og opplevingane gav inspirasjon til utforminga av Oluf sin heimegard Rallkattlia. Arntzen brukte også mange kveldar på Nattkafeen i Tromsø, der han sat og lytta til samtalane omkring seg.

Suksessen med Oluf

Samtidig som han var journalist, heldt Arntzen fram med å opptre med Oluf, som vart vide kjend for skinnhuva, den muntre fliren og kommentarane sine til aktuelle samfunnshendingar. Frå 1964 fekk han selskap av «han Karlsen» – dåverande sjef i NRK Troms, Håkon Karlsen – og fram til 1979 opptredde dei to saman på scener over heile landet og i radio og fjernsyn. På 1980-talet vart Tore Skoglund den nye parhesten til Oluf, og dei turnerte land og strand.

I 1989 sette Hålogaland Teater opp ei eiga framsyning med Oluf, som vart den største suksessen i teaterets historie, og som vart vist over heile landet og seinare på TV. Men oppsetjinga utløyste også ein debatt om den kraftige språkbruken til Oluf-figuren og parodieringa av nordlendingar, som skapte stort engasjement.

Oluf i bokform og på plate

I 1967 debuterte Arntzen med si første bok om Oluf – Han Oluf. Sidan følgde åtte andre humorbøker om figurane i Rallkattlia, skrivne på nordnorsk dialekt og illustrerte av Dagfinn Bakke: Ho Emma (1968), Han Lars (1970), Rallkattlia (1973), Oluf R (1974), Super-Oluf (1976), Rapport fra Rallkattlia (1980) og Den siste Oluf (1983). Saman med Nye Oluf (1987) selde desse bøkene over 600 000 eksemplar. I 2009 kom Vi sto han av! Oluf i utval.

I 1970 kom den første LP-plata Ja, du Oluf… med liveopptak frå ei Oluf-framsyning i eit lokalt ungdomshus. Albumet selde over 25 000 eksemplar, og fram til 1991 kom fire album til og fire kassettar som til saman har selt over 500 000 eksemplar.

Fokus på den nordnorske folkesjela

Med bøkene Æ lyg ikkje (1986), Æ sei ikkje meir (1989), Det svær æ på (1992) og Æ gjer mæ ikkje (1994) sette Arntzen med eit fargerikt språk og eit vell av småhistorier søkjelyset på nordnorsk forteljartradisjon, humor og folkelynne. I 1996 gjekk han til scena igjen med Den fordømte nordlendingen, ei oppsetjing der han tek eit oppgjer med dei historiske mytane om folket i Nord-Noreg, og som seinare også vart bok.

Litteraturhistorikaren og nordlendingen Nils Magne Knudsen har påpeika at Arthur Arntzen er blitt populær over heile landet takka vere at humoren hans er varm og venleg, ikkje kald og infam. Andre har derimot heva kritiske røyster mot Arntzen sin leik med mytane om Nord-Noreg, og ikkje minst mot reaksjonane hans på å bli karikert sjølv. Journalisten Andreas Hompland framheva at heile prosjektet med Oluf lett kan bli undergrave dersom Arntzen blir for sjølvhøgtideleg.

Fotball, kunst og lyrikk

Sjølv om Arthur Arntzen er mest kjend for Oluf og dei humoristiske sidene sine, har han fleire mangslungne interesser. Han har gjennom ei årrekkje spela fotball sjølv, på laget til Tromsdalen. Etter at Bodø/Glimt vann cupfinalen i 1975, skreiv han bok om trenaren Harald Berg, Dutte. I kunstverda har han ikkje minst vore oppteken av målaren Kaare Espolin Johnson, noko som resulterte i eit samarbeid med Johnson om kunstboka Og langsomt kom lyset (1994). Blant diktarane har Tor Jonsson vore mellom favorittane hans, og i 1993 hadde han ansvaret for forord og utval i diktsamlinga Tor Jonssons beste.

I 2007 kom Eventyr, tårer og latter. Historia om Arthur Arntzen, skrive av Arntzen og Kjell Snerte.

Prisar og utmerkingar

Arthur Arntzen har fått ei rekkje prisar. I 1994 vart han utpeika til professor II i humor av rektor ved Universitetet i Tromsø, Ole Danbolt Mjøs.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Arthur Arntzen og Arvid Hanssen: Småkarer under frostmåne. Oslo 1990
  • Andreas Hompland: «Scener frå eit levd og skrive liv», Dagbladet 17.12.2007
  • Ivan Kristoffersen: Han Arthur. Oslo 1997
  • Kjell Snerte og Arthur Arntzen: Eventyr, tårer og latter. Historia om Arthur Arntzen. Oslo 2007

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg