Bybrannen i Bergen i 1916.
Av /Nasjonalbiblioteket..

Brannen som braut ut 15. januar 1916, er den største bybrannen i Bergen i moderne tid. 380 bygningar gjekk tapt, og gjenreisinga resulterte i eit sterkt endra bybilete, som pregar Bergen også i dag.

Faktaboks

Også kjend som

Bybrannen i Bergen i 1916

Brannforløp

15. januar 1916 klokka 17.15 braut det ut brann i Berstads sjøbu i Søndre Murgaard 5 ved Murallmenningen. Tre arbeidarar var i ferd med å telje varer og kom uheldigvis borti ein balle tjøredrev med eit stearinlys. Dei opna døra for å kaste ballen på sjøen. Men ute var det storm med orkan i kasta, og den sterke vinden gav god trekk til elden. Snart stod difor heile sjøbua i flammar.

Brannvernet i Bergen var i 1916 eit profesjonelt brannvern med god beredskap, både når det galdt mannskap og brannsløkkingsutstyr. Av det mest effektive sløkkeutstyret var tre sjødampsprøyter, som til saman hadde ein pumpekapasitet på 20 000 liter vatn i minuttet. Men på grunn av den kraftige vinden då brannen braut ut var det likevel lite brannmannskapa kunne gjere. Dei kom fram til staden under to minutt etter at brannen var meld, og var raskt i gang med sløkkearbeidet. Men brennande trestykke og gneistar spreidde seg med vinden og sette fyr i stadig fleire av dei små, tettståande trehusa i nærleiken. Brannfolka måtte dermed kjempe på stadig nye frontar for å stogge elden.

Brannen varte i om lag ti timar og la så godt som heile området frå Vågen til Engen og frå Murallmenningen til Rådhuset i oske. Kaptein Aarnæs i brannvernet skildra det slik i Aftenposten to dagar etter brannen: «Gjennom trange smug kom ilden farende, ikke som en regn af gnister i røg, men som en hel flommende elv af bare ild.»

To menneske omkom, 380 bygningar blei totalskadde, og om lag 3000 menneske blei huslause. Bybrannen i 1916 var den største på over 200 år, etter brannen i 1702, då omlag 7/8 av byen gjekk tapt. I eit nasjonalt perspektiv er det berre bybrannen i Ålesund i 1904 som har vore større i omfang i moderne tid – der rundt 850 hus gjekk tapt. Bergensbrannen i 1916 opna for ny byutvikling, og resultatet blei ein av dei mest omfattande og moderne byplanane ein til då hadde sett i Noreg.

Opprydding og hjelp til dei som var råka av brannen

«Der tages energisk fat paa arbeidet», kunne Aftenposten melde i morgonnummeret 18. januar, tre dagar etter brannen. Allereie dagen før hadde soldatar sett i gang med å sprengje dei farlegaste ruinane som stod att, og deretter følgde eit omfattande oppryddingsarbeid.

Eit hjelpearbeid for dei som var råka av brannen, blei raskt organisert, og 17. januar kom sendingar med klede og ullteppe frå Kristiania via Bergensbanen. I både inn- og utland blei det samla inn pengar. Etter to dagar var det i hovudstaden kome inn 250 000 kroner, og den franske regjeringa hadde sendt 100 000 franc som sitt bidrag.

Det var allereie stor mangel på bustader i Bergen, og ei av dei største oppgåvene like etter brannen var å finne husvære til dei no rundt 3000 nye huslause. Dei som hadde høve til det, fekk husly hos familie og vener. Ulike forsamlingslokale blei òg stilte til disposisjon. Utover våren blei det så bygd brakkebyar ei rekkje stader i utkanten av byen. Desse husværa var små, og dei hygieniske tilhøva var dårlege.

Gjenreising

Under gjenreisinga av brannområdet følgde ein krava om brannsikring etter tidlegare forskrifter om breie gater og allmenningar for å hindre brannspreiing, og påbod om å byggje murhus i staden for trehus.

Formannskapet i Bergen kommune såg samstundes at det no var mogleg med ei radikal endring av byrommet etter tidsmessige standardar. Visjonen var at det nye Bergen sentrum skulle bli eit moderne og funksjonelt forretnings- og administrasjonsstrøk. Resultatet blei ein ny gatestruktur, med breiare gater og større kvartal. Eit viktig hovudtrekk som blei vidareført frå tidlegare byplanar, var dei to kryssande aksane som gjekk gjennom byen – den eine frå Torget og vidare over Torgallmenningen til Nygårdshøyden og den andre frå Den Nationale Scene til Lille Lungegårdsvann. I alt skapte dette ei kjensle av eit opnare og meir organisert byrom, i motsetnad til dei tidlegare smale og kronglete gatene.

Det blei lagt strenge føringar for den arkitektoniske utforminga av dei nye bygningane. For å få eit heilskapleg bybilete skulle tradisjonell bergensk arkitektur og byggjeskikk vidareførast, men samstundes tolkast på nye måtar. Husa langs Torgallmenningen fekk eit anna stilpreg enn resten av dei nye bygningane i brannområdet, i retning nyklassisisme. Målet var å gjere dette til ein monumental plass, etter inspirasjon frå liknande plassar på kontinentet.

Den første bygningen som kom opp att i brannområdet, var Svaneapoteket i Strandgaten, i 1920, men vanskeleg økonomi og aukande i byggjeprisar gjorde at oppattbygginga elles gjekk tregt. Først i slutten av 1930-åra var Bergen sentrum meir eller mindre gjenreist.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ingfrid Bækken ofl.: Byen brenner. Om store branner i Bergen. Det Hanseatiske museum og Bryggen Museum 2002
  • Oscar Ihlebæk: Bergensbrannen 1916, Bergen 1958
  • Hans-Jacob Roald: Byplanen. En historie om utviklingen av Bergen by. Spartacus forlag 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg