Faktaboks

Ola Eiriksson Bø
Fødd
14. september 1867, Nord-Aurdal i Valdres
Død
26. januar 1917, Nord-Aurdal i Valdres

Ola Eiriksson Bø var lærar, målmann, pioner innanfor den kristelege folkehøgskulen, avis- og museumsgrunnleggjar. I 1899 skipa han Valdres folkehøgskule.

Bø var gardbrukarson, og etter allmugeskulen gjekk han lærarskulen på Hamar. Dei neste åra var han lærar ymse stader, mellom anna tre og eit halvt år i USA og på amtsskulen i Aust-Agder (1897–1899).

På eit ungdomsstemne i Valdres sommaren 1899 la han fram den tanken at det burde skipast ein folkehøgskule, og alt 2. oktober 1899 var Valdris folkehøgskule ein realitet i Vestre Slidre. I 1911 flytta skulen til dagens skuletun på Leira i Nord-Aurdal. Bø var styrar så lenge han levde.

Frå 1901 var Bø den drivande krafta i skipinga av eit museum i Valdres, og 7. juni 1906 opna det som seinare har fått namnet Valdres Folkemuseum. Bø var formann i museumsstyret til han døydde.

Bø var leiande i målarbeidet i Valdres og sat i styret for Austmannalaget 1903–1905. I 1903 var han med og grunnla avisa Valdres og i 1909 Bonden (Lillehammer), som mellom anna Austmannalaget stod bak.

Valdres folkehøgskule høyrde til i tradisjonen av frilynte folkehøgskular skipa av norskdomsrørsla, men stod i livssyn nærmare dei kristelege ungdomsskulane som lekmannsrørsla stod bak. Bø var ein skarp kritikar av sentrale delar av moderniseringa av samfunnet. Han rekna skipinga av folkehøgskulen som «ei åndeleg fyrebuing til Valdrisbanen» (opna 1906).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • G.O. Hovi, red. (1923): «Folkehøgskulestyrar O.E. Bø», i Valdres. 900-årsskrift 1923. Fagernes. Les hos Nasjonalbiblioteket
  • Hoel, Oddmund L. (2011): Norsk målreising II. Mål og modernisering 1868–1940. Oslo: Det Norske Samlaget

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg