Faktaboks

Kjartan Hatløy
Fødd
16. februar 1954
Promobilde
Kjartan Hatløy blei i 2015 heidra med Diktartavla for forfattarskapen sin. Diktartavla er eit samarbeid mellom Haugesenteret og Hardanger Folkemuseum.
Promobilde
Av /Oktober forlag.

Kjartan Hatløy er ein norsk forfattar. Hatløy debuterte i 1996 med diktsamlinga Solreven, og han har sidan vore aktiv som lyrikar med eit tital diktsamlingar. Han blei kjend for eit breiare publikum med samlinga Kjøkkendikt frå 2012, som blei nominert til Brageprisen.

I diktsamlingane observerer, tenkjer og eksperimenterer Hatløy for å finne ord og nemningar og omgrep for det han registrerer rundt seg i det fjordlandskapet han kjenner ut og inn. Han gjer det i ei nynorsk språkdrakt som er litt gamalmodig og nyskapande på same tid.

Bakgrunn

Hatløy vaks opp i Hyllestad kommune i Vestland, og han bur framleis i dette vestnorske fjordlandskapet som heilt klart finst som klangbotn og hjartelandskap i det meste av forfattarskapen. Han er utdanna rørleggar og har arbeidd som det i skipsindustrien. Men han har også studert filosofi ved Universitetet i Bergen, og dét set også spor etter seg i diktinga.

Debut

Debutsamlinga Solreven har mange og korte dikt som i glimt freistar å fange inn alt som lever og gror, men som også skal bli borte. Her finst fjord og hav, fuglar og dyr, natt og dag i skiftande fargar, men overalt finst sola, slik ho skal kome til å vere med og gi lys og von og meining også i seinare samlingar.

Fjord og Kjøkkendikt

Mellom alle samlingane er det særleg grunn til å nemne diktbøkene Fjord (2011) og Kjøkkendikt (2012). Fjord er utan tvil den rikaste av desse samlingane. Her er dikta sette opp med full lengd på linene, nesten som i prosatekster, men dei er som oftast berre på tre–fire liner, med skarpe observasjonar og bilete frå fjordlandskapet med hegre, ørn, måse og tjeld på plass, og med merke og minne om levd liv overalt.

Men det var Kjøkkendikt som fekk mest merksemd av desse samlingane, der heilt alminnelege gjenstandar på kjøkkenet får nytt liv i poesien. Sambandet mellom mennesket og tinga rundt ein kjem klart fram, og kvardagslege ting blir tillagt eigenskapar og verdiar som berre poesien kan syne fram. Kjøkkendikt blei nominert til Brageprisen. Bokmeldarane var også svært positive.

Prosalyrikk

Diktboka frå 2016, Den kvite vegen, markerer eit klart skilje i forfattarskapen. Her er vi for det første over i det prosalyriske. Typografisk ser tekstane ut som prosastykke, og mange av dei er etter måten lange og fyller ei heil bokside. Det betyr på ingen måte at dei ikkje er poetiske – her har vi prosalyriske stemningar og små forteljingar av beste merke.

Dikta er på sitt vis ein rapport frå «Desse åra mine no for tida, så mykje nærare sluttstrek. Men det finst ikkje anna val – vi er her og lever våre ‘menneskedagar’».

Menneskedagar er tittelen på diktsamlinga frå 2018. Menneskedagar utvidar perspektivet frå tidlegare samlingar, ikkje minst med ein lang sekvens dikt om og frå Det gamle Egypt. Men alt i første diktet dukkar noko så moderne som skjermen på ein mobiltelefon opp, og straks blir det skapt koplingar mellom skjermbiletet og lydar frå himmelrommet, medan stjerner blir studert og kommentert. Kosmos stig fram, og innafor det uendelege rommet lever vi våre menneskedagar, som ikkje blir mindre viktige om vi er klar over dei store dimensjonane.

Andre utgivingar

Hatløys Dikt i samling, med elleve diktsamlingar, kom ut i 2017. Same året laga den tyske filmskaparen Frank Wierke dokumentarfilmen Der Sonnenfuchs – tittelen på Hatløys første samling omsett til tysk. Hatløy har også gitt ut ei samling noveller, Nattsong og andre forteljingar (2002), som naturleg nok ber preg av at det er ein lyrikar som skriv prosa.

Utmerkingar

Utgivingar

  • Solreven (1996)
  • Svarande pupill (1997)
  • Svarte lyn (1999)
  • Stasjon smale seng (2001)
  • Nattsong og andre forteljingar (2002)
  • Steg – frå klår himmel (2003)
  • Riket er vårt, damti damti (2005)
  • I kråkekrins (2006)
  • Fjord (2011)
  • Kjøkkendikt (2012)
  • Mi meinings hus (2014)
  • Den kvite vegen (2016)
  • Dikt i samling (Elleve samlingar, 2017)
  • Menneskedagar (2018)

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg