Faktaboks

Henrik Krohn
Fødd
10. mai 1826, Bergen
Død
14. juni 1879
Henrik Krohn
Henrik Krohn
Av /Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 𝒲.

Henrik Krohn var ein norsk forfattar. Han vart leiar for målreisingaVestlandet, gav eit par år ut vekebladet Ferdamannen, stifta i 1868 Vestmannalaget og redigerte tidsskriftet til laget Fraa By og Bygd i åra 1870–74.

Forutan nokre reiseskildringar gav han ut eit par episke bøker, eit lystspel og ei samling Smaakvæde (1867). Det mest verdifulle i den diktinga hans er dei lyriske dikta, som inneheld fin naturpoesi. Skrifter av H. K. vart gitt ut i 1909, med forord (biografi) av Kristofer Janson.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Henrik Krohn
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052303002056

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg