Øystein Rosse er ein norsk omsetjar av barnelitteratur. Rosse har sidan 1976 arbeidd frilans som omsetjar, konsulent og formidlar i bibliotek og skular, og har omsett meir enn 500 bøker.
Øystein Rosse
Faktaboks
Øystein Rosse
- Fødd
- 24. juli 1956, Oslo
Omsetjing
Utmerkingar
Rosse har fått Kulturdepartementets omsetjarpris for barnelitteratur i 1984, 1987, 1990 og 2003 for omsetjingar av svenske Max Lundgren, engelske Michael Page, kanadiske Welwyn Wilton Katz og danske Lene Kaaberbøl til nynorsk. Han fekk Bastianprisen i 2002.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.