Faktaboks

Stein Versto
Fødd
30. desember 1957, Vinje i Telemark
Versto på medlemsmøte til Den norske Forfatterforening i 2011
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Stein Versto er ein kulturarbeidar og kunstnar med mangesidig aktivitet. Versto debuterte med novellesamlinga Ho blei borte i trappene (1990) og har sidan utgitt ein roman og to diktsamlingar. Han har omsett songtekstar og bøker. Sjølv har han skrive tekstar til ymse artistar. Han er hardingfelespelar og har skrive om folkemusikk og folkedikting.

Bakgrunn

Versto er cand.mag. frå Universitetet i Oslo med faga historie, folkeminne og musikk og har teke forfattarstudiet ved Høgskulen i Telemark (1988).

Versto har arbeidd som konsulent og redaktør i Litterær avdeling i Det Norske Samlaget (1997–2002) og har vore gjestelærar ved Skrivekunstakademiet i Hordaland (1998) og ved andre kurs i kreativ skriving. Våren 2007 blei han vald inn i Det litterære råd i Den norske forfatterforening, der han var leiar frå 2009 til 2012. Han sit òg i valnemnda i foreininga. Det siste året har han sete i juryen for Triztan Vindtorns poesipris, og han sit i programrådet for Litteraturdagane i Vinje. Versto var festspeldiktar saman med Odd Nordstoga under Dei nynorske festspela i 2020.

Noveller

Novellesamlinga Ho blei borte i trappene inneheld fem noveller. Fleire av dei er tilbakeblikk frå ei notid til hendingar i fortida som set noko i sving hos hovudpersonane. I tittelforteljinga gjeld det noko som nyleg har hendt. I «Bestemors hus» kjem ein vaksen mann tilbake til huset han vitja som smågut, og minne og notid går over i kvarandre, slik at ein er både «der» i minnet og «her» i samtida, skiftevis og overlappande på ein fascinerande måte.

Dikt

Diktsamlinga Innfalda tid. Minne (1995) har Versto dedisert til den første kona si, Sigrun Grøstad, som døydde i 1992. Det er eit elegisk prosjekt som krev at ein kan halde stoffet både nær og på avstand samtidig, slik at det personlege ikkje fortaper seg i det private. Dette oppnår Versto ikkje minst gjennom skiftande formspråk. Her finn vi trelinja dikt som står den konsentrerte haikuen nær: «Månelyset sym / over sengeteppet. Som mørke båtar glid me / inn til flytebryggene.» Vi finn òg prosadikt som dekkjer ei tett bokside.

Også Snø i partituret (2000) er ei formmedviten diktbok. Eit samspel mellom tekstar og mellom diktverk og musikk i den førre boka knyter seg her også til religiøs tradisjon, nemleg jødisk kabbalisme, med morsfiguren Aima og ulike eksistenssfærar, og kristen tradisjon. Jødisk og kriste kan til dømes lesast saman i boktittelen og i dikta «Langs skinnegangen i Oswiecim» og «Som i eit partitur», der det religiøse, det historiske, kunst og musikk kan verke saman i ei fleirfaldig oppleving.

Den første teksten i diktboka Så nær kan du sjå meg (2016) er nokre diktlinjer av den spanske mystikaren Johannes av Krossen (1542–1591) som handlar om kjærleik. Boka er så strukturert i sju bolkar, der dei seks første har eit kursivert hovuddikt på fem til sju linjer. Den sjuande bolken har ei tilsvarande deling, men der følgjer eit langt dikt etter det kursiverte, som ei ikkje-kursivert oppattaking av alle dei sju hovuddikta, bortsett frå den siste linja, som alt er utskild med dobbel linjeavstand. Og så har det lange sluttdiktet fått same utsjånad som dei andre underordna dikta.

Denne strukturen med oppattaking kan verke forvirrande, men i neste omgang samlande, som ei understreking av at boka meir enn ei diktsamling er eit originalt langdikt. Det er likevel eit skilje i tonen mellom dei visuelt utskilde og dei mindre prangande dikta. Det er også slik at sjølv om dei fleste dikta i overført tyding handlar om kjærleik, kan mange av dei òg opplevast som observasjonar og impresjonar på eit primært nivå. Ikkje minst gjeld det dikt med naturmotiv, særleg i skifte og motsetnader mellom lys og mørker. Både naturmoment, glimt frå folketradisjon og religiøs tenking og oppleving minner ofte om tilsvarande tema i den førre boka, romanen Nidaros.

Roman

Nidaros (2013) er ein omfattande roman som i struktur tek omsyn til Nidarosdomens arkitektur og historie, med reiser og opplevingar i inn- og utland. Motivkrinsen er vid og både religions- og kulturhistorisk, med intertekstuelle samband heilt tilbake til Det gamle testamentet. Romanen har eit stort persongalleri. Tre yngre personar skil seg ut med eigne historier som heng eller hengjer seg saman. Dei tre er musikar og komponist Ben(jamin), skodespelar Birgitta, begge norske, og klosterbror og prest Peter Demian, som er tysk. Dei har kvar for seg eit sterkt forhold til Nidarosdomen gjennom ei bok om katedralen som dei har kome over som unge.

Dei er alle prega av å ha vakse opp i mangelfulle eller avvikande familieforhold. Ben strevar med eit musikkverk som skal framførast i Nidarosdomen, og Birgitta slit med å få tak på rolla som Lilith, «Adams første kone», som forlét han fordi han ikkje ville godta likestilling, men som òg gjorde alvorlege skadeverk. Erotiske tankar og opplevingar er sentrale element. Mennene er interesserte i Birgitta. Dei veit lenge ikkje at dei er brør med kvar sin far. Dei tre møtest til slutt i Nidarosdomen, og kjensler og tankar vert avklarte. Det er tale om ein rik og spennande roman på svært mange plan. Som det heiter der Peter opplever soloppgangen inne i katedralen mot slutten: «[I] dette lyset ser han ut gjennom forteljingas mosaikk, og veit at kvar bit har ei oppgåve som passar inn og høyrer heime på sin stad.»

Song og musikk

Ein viktig plass i forfattarskapen har tekstane til songar framførte av ulike artistar, både gruppa «Bukkene Bruse» og Herborg Kråkevik, men framfor alt Odd Nordstoga. Versto har òg skrive tekstar som ekskona hans, Berit Opheim, har sunge, såleis til konserten «Ein engel går stilt» (2007). Versto er sjølv spelemann og har samarbeidd med Knut Hamre og andre. Han har skrive om folkemusikk og folkedikting, mellom anna i den perspektivrike artikkelen «Bånsull-magien». I forteljingane «Bestemors hus» og «Vinterventing» er ein stubb av eit eventyr viktig. Som hardingfelespelar gav han i 2011 ut plata Urjen, med slåttar etter Olav og Eivind Groven, med ein fin liner notes som følgjer plata om dei to spelemannsbrørne, der Olav får ein fortent plass ved sida av den meir kjende bror sin.

Den største innsatsen av Stein Versto som musikkskribent er boka Tonen frå heimlandet. Smedal-spelemennene – ætt, miljø og utvandring (2019). Det er ei fagbok som viser innleving i menneske og musikk og har strukturelle drag som gjer at ho òg gjerne kan lesast som ein gruppe- eller familieroman, med Eiliv, den yngste og største av Smedals-spelemennene, som hovudfigur. Dei seks brørne, søstera Signe og foreldra står i tradisjonen, ikkje minst etter meisterspelemannen Håvard Gibøen. Familien flyttar etter kvart til USA, og søskena gjer det stort som berarar av klassisk norsk hardingfelemusikk, saman med andre, både frå Telemark og til dels Setesdal og Vestlandet. Vi får god greie på denne omfattande musikalske aktiviteten på begge sider av Atlanteren, av ein som sjølv er spelemann og har stor musikkunne, også vidare enn folkemusikken. At det også skin igjennom patriotiske kjensler, er ein styrke for boka. Smedalssøskena er gåverike på fleire måtar. I Amerika tek fleire vidare utdanning, og to av brørne studerer medisin og vert kirurgar. Eiliv (1889–1938), den største meisteren på fele, kan òg føre operasjonskniven med stø hand. Dei har tydeleg råd til å ta turar heim att, der dei treffer andre spelemenn og livar opp tradisjonen. Boka blir eit blad av musikkhistoria både i Noreg og USA.

Også boka Bjarne Herrefoss (2019) er prega av Verstos fortrulege kjennskap til det norske hardingfelespelet. Boka er eit samarbeid som handlar om meisterspelemannen sitt liv og virke og er utgitt med to vedlagde CD-ar med innspelingar av Bjarne Herrefoss (1931–2002), alt i samarbeid med NRK og plateselskapet ta:lik. Hovudteksten i boka er eit essay av Versto på over 60 sider, medrekna spennande biletstoff. Vi forstår at Herrefoss er ein annan spelemannstype enn Smedalsøskena. Han er òg ein hendig kar som i lange bolkar er på anleggsarbeid. I Versto sitt biografiske essay framstår Herrefoss som særmerkt og likande og det mennesket og den spelemannen han så tydeleg var. Det er greidd sakkyndig ut om det tekniske ved spelet, utan for mange musikkfaglege uttrykk. I staden blir det ofte brukt uttrykk som dette: «suget i framføringane», «denne elegante, kjærlege turneringa av det tunge og det lette i spelet», «perlande reine tonar» og liknande. Skrivemåten overtyder om eit forunderleg spel og ein mangfelt personlegdom som treivst med publikummet sitt, ikkje minst på kappleikar. Også denne sakprosateksten lever på sine språklege kvalitetar. Det er i det heile ein særmerkt eigenskap hos Stein Versto at han gjer så fortenestefull kunstnarleg innsats på mange felt innanfor skriving og musikk.

Utgivingar

  • Ho blei borte i trappene (Noveller, Samlaget, 1990)
  • Innfalda tid, minne (Dikt, Samlaget, 1995)
  • Snø i partituret (Dikt, Samlaget, 2000)
  • Nidaros (Roman, Samlaget, 2013)

Omsetjingar (eit utvalg)

  • Guten med sølvhjelmen (Hanne Kvist, 1999)
  • Jamen, Benny (Barbro Lindgren, 2004)
  • Boka om Benny (Barbro Lindgren, 2004)
  • Å gi seg bort (Pia Tafdrup, 2005)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olav Bø (red.): Dyret i hagjen. Eventyr frå Agder, i Brynjulf Alver (red.): Norsk eventyrbibliotek, bd. 9. Oslo 1978
  • Stein Versto: «Bånsull-magien», Dag og Tid 7.8.2009
  • Stein Versto: «Kva gjer folkemusikken når bestemor er til sals for ein billeg penge?», Spelemannsbladet nr. 1/2008

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg