Faktaboks

Mons Litleré
Fødd
2. februar 1867, Naustdal, Sogn og Fjordane
Død
8. april 1895, Hamburg, Tyskland
Verke
Bladmann og forleggjar
Familie

Foreldre: Landhandlar og gardbrukar Thorbjørn Monsson Litleré (1840–1908) og Anna Johannesdotter Himle (1845–1939).

Gift 29.6.1888 med Anna Birgitta Naustdal (26.5.1863–9.6.1895), dotter til gardbrukar Ole Mikael Olsson Naustdal (1818–72) og Iverise Ananiasdotter (1824–1907).

Mons Litleré, ca 1890
Mons Litleré, ca 1890
Av /Einy Mo/ Samlaget / Allkunne.

Mons Litleré var ein bokhandlar, forleggjar og redaktør som trass i at han døydde berre 28 år gamal, må reknast som ein av dei mest aktive, framsynte og moderne forleggjarane Noreg har hatt.

Etter ein vinter på Gloppens Amtskole og ein på folkehøgskulen i Sogndal opna han i 1886 Norskmålets bokhandel i Naustdal, men flytta til Bergen med bokhandelen alt året etter. Dit vart han henta av målfolk og venstrefolk frå Nordre Bergenhus Amt for å vere redaktør i Firda- og Sygnafylkets Avis, som gjekk over til landsmål i 1890.

Med Mons Litlerés forlag var han den fremste formidlaren av litteratur på landsmål før 1900. Av dei kring 90 titlane han gav ut, var vel 60 på landsmål og knapt 30 på dansk-norsk. Litleré tok også i kommisjon bøker som var finansierte av andre, i alt 24 titlar – likt fordelte på dei to språka.

Opptakt

Litleré vart godt kjend med landsmål og litteratur den vinteren han var i Sogndal. Han skjøna at skulle det seljast bøker på landsmål, måtte ein søkje eit nytt publikum. Han skaffa seg restopplag av alt utkomne landsmålsbøker og fór ikring i Sunnfjord og selde. Han gav ut fire bøker frå Naustdal i 1886–87. Det var forteljingar, mellom anna to små samlingar som han omsette sjølv, mellom anna av Bjørnson, Kielland, Lie og Alvilde Prydz (Forteljingar og Fraa Bygd og By. Forteljingar). I tillegg averterte han for sal bøker av Arne Garborg, Jens Tvedt og Henrik Krohn.

Bergen

Til Bergen kom Litleré 1887, 20 år gamal og nygift med den jamgamle Anna Naustdal. På få år fekk dei tre born. Han var kalla til Bergen for å redigere vekeavisa Firda- og Sygnafylkets Avis (1887–93) som han vart eigar av. Han forkorta namnet til Firda og utvida til to nummer for veka frå 1890. Men avisa vart dyr og arbeidskrevjande, og ho vart nedlagd etter 1893-årgangen.

Litleré brukte Firda medvite i bokformidlinga, både med eigne meldarar og med løyve til å bruke meldingar av andre, særleg Bolette C. Pavels Larsen i Bergens Tidende. Han brukte òg avisa til å annonsere eigne bøker ut frå ein høgst medviten forretningstankegang. Hausten 1893 vart redigeringa i praksis gjord av andre, mest på dansk-norsk, før avisa gjekk inn.

Bokproduksjonen

Forlagstiltaket var smålåte, men fekk framgang etter kvart. Ved hjelp av stor arbeidsevne og optimisme greidde Litleré å byggje opp eit føretak som fungerte. Framleis måtte han jakte på det potensielle publikummet, og fram til 1892 engasjerte han reisande bokseljarar.

Litleré produserte bøker av ulik kvalitet. Han sikra seg snart rimeleg sikre kort som Garborg og Tvedt. Seinare kom også dei yngre Hans Seland og Rasmus Løland. Og han gav ut ei rekkje antologiar med nye forteljingar («Små-stubbar») som delvis kom i nye opplag. Etter kvart produserte han òg lærebøker, særleg i historie (Steinar Schjøtt), rekning (Aamund Salveson) og norsk (Lars Eskeland). Det kom omsette bøker på dansk-norsk (8), landsmål (6) og sognemål (1). Det var mest forteljande prosa, medrekna barnebøker, ein del lyrikk, men òg essayistisk sakprosa. Av Garborg kom både diskusjonsinnlegg på dansk-norsk og det essayistiske pionerverket Kolbotnbrev og andre Skildringar (1890, 2. utg. 1891). Men ulike forfattarar fekk òg sjansen til å prøve seg med meir amatørmessig prosa av skiftande kvalitet.

Radikalt preg

Den samla verksemda fekk eit radikalt preg, både på initiativ av Litleré sjølv og ved at folk kom til han med framlegg og stoff. I 1889 fekk han skipa aksjeselskapet Boklaget, etter eit møte av interesserte i Bergen. Kapitalen som kom inn, vart brukt til nokre større og dyrare produksjonar på landsmål. Større produksjonar på dansk-norsk kom òg, såleis Heinrich Heines Tro og Tænkning i Tyskland (1891) som Marius Selmer bad Litleré om å få gi ut «på Deres frisindede forlag». Den siste boka Litleré stelte med, var den tyske utopiske romanen Friland, et socialt fremtids-billede (1895) av Theodor Hertzka.

Den norske Boghandlerforening

I bokhandelen kunne Litleré lenge ikkje selje bøker frå andre forlag, for han hadde ikkje rett til rabatt utan å vere medlem av Den norske Boghandlerforening. Det oppnådde han endeleg til si store glede sommaren 1893. Men då kunne han ikkje lenger sende bøker med rabatt til ikkje-medlemer, så det vart slutt med sal gjennom landhandlar og reisande bokseljarar. Dette kan ha vore medverkande til at han satsa meir på større og dyrare bøker på dansk-norsk i 1894.

Ein nynorsk litteratur

Men alt i alt er det ingen tvil om at hovudtanken til Litleré heile tida var å utvikle ein allsidig produksjon av prenta skrifter på nynorsk. Trass i vanskar hadde drifta auka mykje. Frå å ha vore åleine om nesten alt sysselsette han sju personar i tillegg til seg sjølv hausten 1894. Han hadde etablert bokbinderi og hadde planar om eige prenteverk, og han hadde til og med planar om å kunne betale ein del av forfattarane ei fast årsløn.

Johannes Anderssen dreiv forretninga vidare, først med litt bokutgiving, men etter kvart berre ymse papirvarer.

Sjukdom og død

Då Litleré vart sjuk kring nyttår 1895, var Anna, kona hans, allereie hardt merkt av lungetæring. Oppgitt av dokterane i Bergen drog han til slutt til Hamburg og vart operert utan resultat og døydde der i april. Anna døydde nokre veker seinare. Men dei tre små borna fekk vekse opp hos besteforeldre i Naustdal.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
  • Anders A. Lothe: Målreisingssoga for Sogn og Fjordane. Florø 1950
  • Idar Stegane: Mons Litlerés forlag. Oslo 1983
  • Idar Stegane: Det nynorske skriftlivet. Nynorsk heimstaddikting og den litterære institusjon. Oslo 1987
  • Jens Tvedt: «Mons Litleré», Syn og Segn. 1910

Faktaboks

Mons Litleré
Historisk befolkingsregister-ID
pd00000007659561

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg