Faktaboks

Administrasjonssenter
Sandane
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
5 875 (2022)
Landareal
963 km²
Høgaste fjell
Snønipa (1827 moh.) på grensa til Jølster
Innbyggjarnamn
gloppar
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4650 (frå 01.01.2020, tidlegare 1445)

Kommunevåpen

Kart: Gloppen kommune i Vestland
Gloppen kommune i Vestland fylke.
Kart: Gloppen kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Sandane sett fra fjellet.

Sandane

Gloppen er ein kommune i Nordfjord i Vestland fylke. Gloppen ligg på sørsida av Nordfjord, rundt dei to fjordarmane Hyefjorden og Gloppefjorden, og sørover frå desse. Administrasjonssenteret Sandane ligg inst i Gloppefjorden. Gloppen grensar i aust til Stryn, i sør til Sunnfjord, i vest til Kinn og Bremanger og i nord til Stad.

I 1886 vart Breim skilt ut som eigen kommune. I 1913 vart eit mindre område overført frå Davik til Gloppen. Gloppen blei i 1964 tillagt størstedelen av den tidlegare Breim kommune. I 1965 blei Hoplandsgrenda og i 1992 Hennebygda, begge nord for Nordfjord, overført til høvesvis Stryn og Eid kommunar.

Natur

Gloppen

Jordbruksbygda Byrkjelo i Breim sett frå nord, med den karakteristiske Eggenibba (Eggenipa) i bakgrunnen.

Av /KF-arkiv ※.

Gloppen er berglendt med små samanhengande, lågareliggjande område. Berggrunnen vest for Hyenfjorden er samansett av devonsk sandstein. Sandsteinen er skyvd over eldre, kambrosilurisk skifer, og desse utgjer berggrunnen ved botnen av Hyenfjorden og sørvestover mot Eimhjellevatnet. Også langs kysten på halvøya mellom Nordfjord og Gloppenfjorden finst slik skifer.

Fjella i skiferområdet er tydelege lågare og meir avrunda enn i devonområdet. Under skiferen finn ein så den geologisk sett eldste formasjonen, gneis og kvartsitt. Denne utgjer berggrunnen i dei andre tre firedelar av kommunen. Terrenget vert gradvis høgare mot aust, der det høgaste punktet i kommunen, Snønipa, 1827 meter over havet, ligg på Myklebustbreen på grensa til Jølster.

Forutan Myklebustbreen i aust finst to større brear i vest: Ålfotbreen, med høgaste punkt 1380 meter over havet, og Gjegnalundsbreen, som er høgaste punkt i Gloppen på 1450 meter over havet. Lengst aust i kommunen strekk ein del av Jostedalsbreen nasjonalpark (Myklebustbreen) seg inn i kommunen.

Klima

Gloppen har temperert kystklima.

Under nyttårsorkanen i 1992 vart det målt vindkast på 51 meter per sekund ved Sandane lufthamn. Kommunen vart òg sterkt ramma av ekstremvêret Dagmar i jula 2011. Ved Sandane lufthamn vart det då målt vindstyrke på 24 meter per sekund med vindkast opp i 38 meter per sekund. Høgaste junitemperatur i Gloppen vart målt på Sandane lufthamn i 2020 med 29,8 °C.

Busetjing

Busetjinga er særleg konsentrert til Gloppenfjorden sine breidder, særleg til fjordbotnen med administrasjonssenteret Sandane og til dalen oppover til Breimsvatnet. Her bur hovuddelen av innbyggjarane til kommunen, og her ligg dei to andre tettstadane i kommunen, Byrkjelo og Re. Det er òg litt busetnad inst i Hyefjorden. Gloppen har sidan 1980-åra hatt nedgang i folketalet, og negativ befolkningsvekst er forventa fram til 2050.

Kart over Gloppen kommune
Kart over Gloppen kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Sandane lufthamn
Sandane lufthamn, Anda
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Gloppen er blant dei viktigaste jordbruksbygdene i fylket med hovudvekt på eit allsidig husdyrbruk. Storfe- og sauehaldet er viktigast. Både storfe-, hønse- og svinehaldet er størst blant kommunane i fylket. Frukt- og bærdyrking speler òg ei vesentleg rolle.

Ein av dei største arbeidsplassane i kommunen er Tine Meieriet Vest på Byrkjelo. Industrien elles er i vesentleg grad lokalisert til Sandane og Hyen med møbelfabrikk, vindauge- og glasfabrikk og dessutan noko plastindustri. Elles finst monaleg verkstadsindustri. Det blir drive lakseoppdrett i Hyen.

Gloppen er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 409 gigawattimar (GWh) per 2016. Det er 24 kraftverk i kommunen.

Firda Tidend kjem ut i Sandane tre gongar i veka.

Samferdsel

E39 går sørover frå Sandane til Førde i Sunnfjord og riksveg 615 gjennom Hyen til Eikefjord i tidlegare Flora. Austover førar riksveg 60 frå Byrkjelo til Stryn med tilknyting til heilårsvegen over fjellet til Otta i Gudbrandsdalen på riksveg 15.

Frå Sandane går E39 nordover med ferje over Nordfjord (Anda–Lote) til Nordfjordeid og vidare til Volda/Ørsta i Møre og Romsdal.

Sandane lufthamn, Anda ligg ti kilometer nordvest for tettstaden.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Sandane i Gloppen kommune

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sandane er eit viktig handels- og skulesenter, med mellom anna vidaregåande skule, Høgskolen i Sogn og Fjordane (no Høgskulen på Vestlandet) med spesialpedagog- og vernepleiarutdanning, og dessutan Søreide Kompetansesenter for elevar med samansette lærevanskar. Folkehøgskule på Vereide. I Hyen ligg hovudsete for Sogn og Fjordane Energi.

Gloppen høyrer til Vest politidistrikt, Sogn og Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Eid, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy.

Gloppen kommune svarer til dei tre sokna Breim, Gloppen og Hyen i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Gloppen til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Gloppen

For statistiske formål er Gloppen kommune (per 2016) delt inn i tre delområde med til saman 25 grunnkrinsar:

  • Vereide: Nesjane, Vereide, Føleide, Hauge, Øyrane, Sandane nord, Sandane sentrum, Sandane sør, Kleivedammen, Eide
  • Breim: Hetle, Re, Råd/Bø, Hole, Byrkjelo, Sandal, Bergheim, Årdal, Kandal
  • Gjemmestad/Hyen: Straume, Sande, Rygg, Mardal, Gjengedal, Røyrvik

Historikk og kultur

I Sandane ligg Sogn og Fjordane Båtmuseum og Nordfjord Folkemuseum, som er friluftsmuseum med bygningar frå 1700- og 1800-talet. Gloppenelva frå Gloppenfjorden til Breimsvatnet er ei viktige lakseelv med fleire laksetrapper.

Nordvest for Sandane ligg Vereide kyrkje, som er ei steinkyrkje truleg frå 1100-talet med påbygg i 1879 og kortillegg i 1931. Glasmosaikkvindauge i koret er frå 1990. På den andre sida av fjorden ligg Gimmestad gamle kyrkje frå 1692. Ved begge kyrkjene er funne gravhaugar med oldfunn frå yngre jarnalder. På garden Hauge er det funne ein gravhaug som truleg er det største på Vestlandet. På ein haug på Austrheim står bautasteinen Austrheimsteinen, som har helleristningar av ein båt. Ristningane er datert til 300- til 400-talet.

I Gloppen har det vorte arrangert fleire musikkfestivalar, innanfor ulike sjangrar som rock, klassisk, country og blues.

Firda Tidend er lokalavis for Gloppen og indre Jølster og kom med det første nummeret i 1924. Avisa har hovudkontor på Sandane, kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har ein gåande hest i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette heidrer fjordhesten.

Namn

Namnet er opphavleg namn på fjorden, og heng saman med gloppe, 'hòle, bergkløft'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Aaland, Jacob: Gloppen-Breimn, 1935, to bind.
  • Aaland, Jacob: Gloppen-Breimn kommunesoga : 1838–1937, 1943.
  • Fett, Per: Gloppen prestegjeld, 1960.
  • Fitje, Audun: Målføret i Gloppen, 1995.
  • Sandal, Per, red.: Soga om Gloppen og Breim, 1978–2001, fem bind.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg