Faktaboks

Ivar Kleiva

Ivar Krohn Gunvald Kleiva

Fødd
17. mai 1903, Norddal (no Fjord), Møre og Romsdal
Død
5. mai 1998, Arna, Bergen

Ivar Kleiva var ein norsk lærar, lokalhistorikar og forfattar. Han gav ut fleire barnebøker, men skreiv òg dikt og prosa for vaksne.

Ivar Kleiva tok examen philosophicum ved Universitetet i Oslo i 1925, eksamen ved Stord lærarskule i 1926 og Statens husflidskule på Blaker i 1932.

Kleiva var lærar ved Gryllefjord skule i Torsken i Troms i 1927–1940, Farstad skule i Haram (no Ålesund) på Sunnmøre i 1940–1946, og styrar ved Dalsøyra skule i Gulen i Sogn i 1946–1970. Som pensjonist busette han seg i Arna.

Etter debuten med barneboka Med Steggen på Storegga (1946) skreiv han åtte barnebøker. Kleiva skreiv òg bygdebøker, artiklar og dikt.

I dikta for vaksne kan ein møte eit opprørsk, men kjenslevart diktar-eg. Kleiva skreiv òg songar med nasjonalromantisk karakter. «Draumelandet» sette han melodi til. Kordirigent, foredragshaldar og radiokåsør var han òg.

Kleiva var formann for arbeidarparti-laga både i Torsken og i Gulen. Han fekk Melsomprisen i 1954, Norddals Kulturpris i 1983 og Kongens fortenestemedalje i 1983.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Konrad Helseth: Sunnmørsbibliografi, utgitt av Sunnmøre Historielag og Ålesunds Museums Akademi. Ålesund 1981
  • Gudmund Hovdenak: Nord-norsk barne- og ungdomslitteratur frå Petter Dass til Arvid Hanssen. Tromsø 1989
  • Ivar Kleiva: Nedfallsfrukt (dikt i utval, med føreord av Erling Indreeide, og med biografiske opplysningar og oversyn over den litterære produksjonen). Norddal 1995

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg