Faktaboks

Administrasjonssenter
Selje
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Sogn og Fjordane)
Innbyggjartal
2 747 (2019)
Landareal
220 km²
Høgaste fjell
Kvamfjellet (775 moh.)
Innbyggjarnamn
seljeværing
Kommunenummer
1441 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Selje

Selje. Klosterruinane på øya Selja, Vestlandet sitt første bispesete. Klosteret vart bygd kort etter 1100 av engelske benediktinarmunkar. Kyrkja var vigd til St. Alban, og tårnet står enno i full høgd (14 m). Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.
Kart
Av /Store norske leksikon ※.
Selje

Plassering

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Selje er ein tettstad og kystområde i Nordfjord, Stad kommune i Vestland fylke. Fram til 1. januar 2020 var Selje eigen kommune, nordvest i tidlegare Sogn og Fjordane. Selje og Eid kommunar vart slått saman til Stad kommune i samband med ei landsomfattande kommunereform.

Selje omfattar halvøya Stadlandet og landa sør for denne, og dessutan øyane inst i Sildegapet. Den største øya er Barmen på 8,4 kvadratkilometer.

I 1910 vart dei to kommunane Sør-Vågsøy og Nord-Vågsøy skilde ut frå Selje. I 1964 vart delar av kommunen overførte til Vågsøy.

Natur

Stad utgjer eit fjellplatå omkring 500 meter over havet, som stuper bratt i havet og dannar ei halvøy. Fjellet Kjerringa, også kalla Vestkapp, er det mest nordvestlege fjellet til halvøya på 497 meter over havet.

Kysten utanfor Selje er vêrhard. Dalsøkk skjer seg ned i platået og dannar låge eid tvers over halvøya, der Mannseida inst på halvøya, Sandvikseidet og Dragseidet ligg sentralt, samt eit lengre dalsøkk søraustover frå Ervik ytst på halvøya. Høgaste punkt på Stadlandet er 645 meter over havet på Tarvaldseggja. I søre del av kommunen når Kvamfjellet (Saltehorn) 774 meter over havet. Berggrunnen i heile kommunen består av gneis som tilhøyrer Gneisregionen.

Busetnad

Busetnaden i Selje er jamt fordelt langs strendene så vel på Stadlandet som lengst sør i kommunen, med tyngdepunkt rundt tettstaden Selje inst på sørsida av Stadlandet og kyrkjestaden Leikanger sentralt på nordsida av Stadlandet.

Av øyane har berre Barmen busetjing av særleg omfang. I tiårsperioden 2005 til 2015 gjekk folkemengda i Selje tilbake med 8,2 prosent mot ein auke på to prosent i fylket samla sett.

Næringsliv

Jordbruk og fiske, industri og reiseliv er viktigaste næringar i Selje utanom den offentlege forvaltinga. Praktisk talt heile jordbruksarealet er eng og innmarksbeite. Forutan sau og storfe blir noko halden høner. Det har òg vore drive noko pelsdyroppdrett.

Fisket, som tidlegare vart drive i kombinasjon med jordbruk, blir i stadig sterkare grad basert på heilårsdrift. Fiskeflåten består hovudsakleg av banklinebåtar og kystnotbåtar, og Selje er etter Vågsøy og Flora viktigaste fiskeristader i fylket.

Fiskeoppdrett er viktig, og Selje har fleire matfiskanlegg. Viktigaste industribransjar er verkstadsindustri, særleg båtbygging, næringsmiddelindustri, mellom anna fisketilverking, og tekstil- og kledningsindustri (mellom anna Skjortefabrikken). Størstedelen av industrien er lokalisert til tettstaden Selje.

Samferdsel

Selje har to riksvegsamband med resten av landet: Riksveg 620 frå ÅheimSunnmøre langs nordsida av Stadlandet og riksveg 618/619 langs kysten frå Vågsøy til administrasjonssenteret Selje. Fylkesvegar når ut til dei ytste delane av Stadlandet. Det er ekspressbåtsamband med Bergen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Selje høyrde til Vest politidistrikt, Fjordane tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen var med i regionrådet Nordfjordrådet saman med Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Stryn og Vågsøy.

Selje kommune svarte til dei tre sokna Ervik, Leikanger og Selje i Nordfjord prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Selje til Sønd- og Nordfjord fogderi i Nordre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Selje

For statistiske formål var Selje kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 17 grunnkrinsar:

  • Selje: Kjøde, Stokkevåg, Årdal/Selje, Selje/Selja, Djupedal/Berge, Eide/Moldestad, Barmen, Pollane, Flatraket
  • Stadlandet: Rekvika/Sande, Indre Leikanger, Ytre Leikanger, Eltvik/Borgundvåg, Honningsvåg/Årvik, Ervik, Refsnes, Fure/Drage/Hoddevik

Historikk og kultur

På øya Selja i Sildegapet finst ruinar av eit benediktinarkloster, Selje kloster. Klosteret på øya Selja vart bygd på 1100-talet og var vigd til St. Albanus og St. Sunniva. Klosterrruinane, mellom anna eit fjorten meter høgt tårn, er berre tilgjengelege med båt. Selje var det første bispesetet i landet, som vart oppretta i Olav Kyrres tid og flytta i 1170 til Bergen. Ved Ervik ligg ein gammal kyrkjegard, der det mellom anna er ein minnestein over dei 43 som omkom då hurtigruteskipet St. Svithun forliste i 1943.

Ytst på Stadlandet finst restar etter store tyske forskansingar frå andre verdskrigen. Havet utanfor Stadlandet er ei av dei mest vêrharde strekningane langs kysten. På Dragseidet står eit stort steinkors, som vart reist i 1913 til minne om Olav Tryggvason, og som ifølgje soga kristna fire fylke i 997. Over Dragseidet drog ein i tidlegare tider båtane over på lunnar for å unngå det harde havstykket utanfor. Eidet har fått namnet sitt etter dette. Heilt sidan 1870-åra har det vore snakka om å lage ein skipstunnel gjennom halvøya.

Kommunevåpenet og namn

Kommunevåpenet (godkjent 1991) har ein halv kvinneskikkelse i sølv med løfta hender mot ein blå bakgrunn. Motivet viser til Sankta Sunniva.

Namnet er opphavleg eit øynamn, kanskje av sel, ‘seterbu', eller av sal, om Sunnivahulen på øya.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Os, Edvard: Selje og Vågsøy : bygdene og bygdesamfunnet, 1957.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg