Faktaboks

Edvard Liljedahl

Edvard Apolloniussen Liljedahl

Fødd
6. august 1845, Vik i Sogn, Vestland
Død
10. oktober 1924, Vik i Sogn, Vestland
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Lærar og kyrkjesongar Apollonius Liljedahl (1806–84) og Britha Olsdotter Hopperstad (1809–89).

Gift 18.10.1869 med Barbra Einarsdotter Ramsli (3.8.1850–25.10.1928), dotter til lensmann og gardbrukar Einer Larsen Ramsli (1810–88) og Sigri Lassesdotter Trondvik (1811–99).

Edvard Liljedahl
Edvard Liljedahl
Av /𝒲.

Edvard Liljedahl var lærar og postmeister, stortingspresident og statsråd. Han sat på Stortinget i nitten år, mellom 1880 og 1909.

Edvard Liljedahl var fødd i Vik i Sogn. Med eksamen frå lærarskulen i Balestrand i 1864 og seminaret på Stord i 1866 vart han kyrkjesongar og lærar i Kyrkjebø frå 1867 til 1889. Mange av desse åra var han òg gardbrukar, organist og ordførar.

Frå 1880 representerte Liljedahl Nordre Bergenhus (Sogn og Fjordane) på Stortinget. Som mange andre vestlendingar sokna han til den lågkyrkjelege og moderate delen av venstrerørsla. Han var nær knytt til Jakob Sverdrup, og han var trufast mot Johan Sverdrupstatsministeren mot slutten av karrieren tapte tillit hos dei radikale i Venstre. I stortingsdebattane om diktarløn til Alexander Kielland stod Edvard Liljedahl saman med Lars Oftedal i spissen for motstanden.

Frå 1891 var Liljedahl postmeister i Ålesund og frå 1901 til 1904 i Bergen. Han var odelstingspresident i 1899–1900 og stortingspresident i 1900–1903 og 1908–1909. I to korte periodar var han statsråd. Frå mars til juli i 1889 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm og styrte revisjonsdepartementet i Johan Sverdrups regjering, og frå februar 1912 til januar 1913 var han kyrkjeminister i Jens K. M. Bratlies regjering.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Edvard Liljedahl
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045038784

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg