Faktaboks

Grand Canyon
Uttale
grænd kˈænjən
Foto fra Grand Canyon

Grand Canyon med Coloradoelva i soloppgang.

Av /NTB Scanpix ※.

Grand Canyon

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Grand Canyon er ei dalkløft i Arizona, USA. Dalkløfta er skoren ut av Coloradoelva og tilhøyrande bielver i eit høgt platå, 1500–3000 meter over havet. Det er den største canyonen i verda, cirka 450 kilometer lang, mellom 6,5 og 30 km brei og stadvis meir enn 1500 meter djup. Grand Canyon strekkjer seg frå grensa mellom Arizona og Utah til Grand Wash Cliffs nær grensa mellom Arizona og Nevada.

I det tørre klimaet er det lite plantevekst, og fjellsidene står nakne. Grand Canyon viser nokre av dei mest storslåtte geologiske profila i verda. Nedst har elva skore seg ned i grunnfjellet, ovanpå ligg sedimentære bergartar i mektige lag, mest paleozoiske. Nokre lag er hardare og står i bratte stup, andre er lausare og dannar slakare skråningar. Forvitringa, saman med elvar og bekker som grev under styrtregn, har skore ut berga i merkverdige former. Høgsletta ovanfor ligg i fleire trinn; på dei høgaste platåa veks furuskog (yellow pine), og snøen ligg om vinteren. Dei lågare delane av høgslettene er stepper, og nede i dalbotnen er det ørken, med ein sparsam vekst av agavar.

Sørkanten (South Rim), som er open heile året, kan ein nå via jernbane frå Flagstaff, Arizona, eller med bil. Nordkanten (North Rim), som er open frå midten av mai til midten av oktober, ligg 350 meter høgare enn sørkanten, og kan nåast med bil frå St. George og andre byar i sørlege Utah. To kløvvegar fører frå sørkanten ned til Coloradoelva nede i canyonen. Langt vest i Grand Canyon, i Mohave County, ligg turistattraksjonen Grand Canyon Skywalk. Det er ei hesteskoforma glasplattform der du kan sjå 1000 meter rett ned i canyonen under føtene dine. Tilkomsten her er lettast frå Grand Canyon West Airport, eller med bil frå Las Vegas (190 km). Attraksjonen blir driven av lokale urfolk, hualapai.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg