Faktaboks

Etymologi
av norrønt Skǫðin, første ledd skað, usikker betydning, andre ledd vin, ‘eng’
Uttale

Skøye, Skåie, Skådje

Administrasjonssenter
Skodje
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
4 764 (2019)
Landareal
111 km²
Høgaste fjell
Frostadtinden (807 moh.)
Innbyggjarnamn
skodjebygdar
Kommunenummer
1529 (fram til 2020)

Kommunevåpen

Skodje

Skodje. Utsikt frå Nihusen mot tettstaden Skodje og Storfjorden.

Av /NTB Scanpix ※.
Skodje
Utsyn over Skodje sentrum og Skodjevika.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Skodje er ein tidlegare kommuneSunnmøre, i Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylke. Skodje ligg rett aust for Ålesund by og omfattar den austlege delen av Uksenøya og eit område på fastlandet nordaust for øya. Dei to delane av Skodje ligg på kvar si side av Skodjevika, den inste delen av Ellingsøyfjorden.

Skodje var eigen kommune frå 1849 til 1964 og frå 1977 til 2019. Den vart i 2020 slått saman med Haram, Sandøy, Ørskog og Ålesund til Ålesund kommune. Samanslåinga var del av kommunereforma.

Natur

Apalvika
Frå Apalvika.
Av /Nye Ålesund kommune.
Lisens: CC BY NC 2.0

Berggrunnen er hovudsakleg gneis av grunnfjellsalder, men sterkt påverka av den kaledonske fjellkjedefoldingen (kaledonske orogenese). Landskapet er oppdelt av fjordar, sund og innsjøar med mellomliggjande fjellparti som hevar seg mot aust. Heilt i nordaust, på grensa til Vestnes, når Frostadtinden 807 meter over havet.

Busetnad

Folketallet i Skodje 1977–2019
Folketalet i Skodje auka med 80 prosent dei siste 40 åra.

Busetnaden ligg spreidd langs strendene og på nordsida av Engesetdalsvatnet. Tettstaden og det tidlegare kommunesenteret Skodje ligg på fastlandet ut mot Skodjevika. Tettstaden Valle ligg på Uksenøya ut mot Storfjorden.

Folketalet har vore aukande sidan andre verdskrigen, særleg etter siste halvdelen av 1970-talet.

Næringsliv

Berre omtrent to prosent av arbeidsplassane i Skodje var i primærnæringane ved samanslåinga. Jordbruksareala ligg først og fremst på fastlandet ut mot Skodjevika og i Engset, og er hovudsakleg nytta til mjølkeproduksjon. Skodje har atskilleg industri.

I 2014 hadde 65 prosent av yrkesbefolkninga i Skodje arbeid utanfor kommunen, av dette 39 prosent i Ålesund. Den sterke befolkningsveksten i Skodje i tiåra fram til samanslåinga må sjåast i samanheng med den komfortable pendleavstanden til Ålesund.

Samferdsel

Skodje kommunes utstrekning 1916–64 og 1977–2019, og plassering i Møre og Romsdal fylke.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

E39 (Kristiansand–Trondheim) og E136 (Ålesund–Dombås), hovudvegsambandet til Ålesund, følgjer felles trasé gjennom Skodje.

Historikk og kultur

Skodje vart oppretta som kommune i 1849 ved utskiljing frå Borgund. Frå Skodje vart Vatne skilt ut i 1902. Skodje vart i 1965 slått saman med Ørskog og Stordal til den nye storkommunen Ørskog. Denne vart i 1977 delt i dei same tre kommunane som før 1965.

Skodje kyrkje er ei langkyrkje i tre bygd i 1860, påbygd i 1979. Fjord Cadenza er ein årleg musikkfestival i august.

Skodje bru (Straumsbrua) frå 1922 er Noregs lengste steinbru for vegtrafikk og var i si tid Nord-Europas lengste steinkvelvbru. Brua er restaurert og verna som kulturminne.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet vart godkjent i 1987 og hadde ei gull tinda kvelvingsbru mot ein grøn bakgrunn. Det viste til Skodje bru over Skodjestraumen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fylling, Ludvig og Gerhard Kjølås: Bygdebok for Skodje, 1961. Les boka på nb.no
  • Giske, Louis: Bygdebok for Skodje : gard og slekt, 1986, 2 band, isbn 82-991414-1-9. Band 1 Band 2
  • Ørjasæter, Lars, red.: Stadnamn i Skodje kommune, 1987, isbn 82-991648-1-8.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg