Faktaboks

Administrasjonssenter
Vestnes
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
6 936 (2022)
Landareal
399 km²
Høgaste fjell
Sandfjellet (1470 moh.)
Innbyggjarnamn
vestnesing
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Vestnes kommune i Møre og Romsdal
Vestnes kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Vestnes kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Vestnes

Vestnes. Tettstaden Tomra ved Tomrefjorden er eit industrielt tyngdepunkt i kommunen. Verftet Aker Yards Langsten kan sjåast til høgre i biletet, og på den andre sida av fjorden ligg verftet Solstrand AS. Utsikt mot Julsundet i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vestnes er ein kommune i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på sørsida av Romsdalsfjorden omkring dei to sørgåande fjordarmane Tomrefjorden og Tresfjorden. Vestnes blei oppretta som kommune i 1837 som ledd i innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen blei Sylte (Tresfjord) skilt ut i 1899. I 1964 blei Tresfjord igjen ein del av Vestnes.

Vestnes grensar i aust til Rauma, i sør til Fjord og i vest til Haram og Ålesund kommunar. I nord går kommunegrensa til Molde i Romsdalsfjorden.

Natur

Berggrunnen består av grunnfjell, i vesentleg grad gneis, og han er i stor grad påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Dette gir seg mellom anna uttrykk i at strokretninga i berggrunnen går frå sørvest til nordaust. Denne strokretninga blir følgd av mellom anna Fiksdalen, Frostaddalen innanfor Tomrefjorden, Skorgedalen med forlenginga av denne over Ørskogfjellet, og Kjersemdalen frå botnen av Tresfjorden.

Fjordsidene er gjennomgåande slake og skogkledde med dyrka mark langs fjordkanten. Ytst i Tresfjorden fører eit trongt innløp inn til Flatevågen, som går tre kilometer rett vestover. Herfrå fører eit breitt og myrlendt eid med passhøgd rundt 50 meter over havet vidare vestover til Tomrefjorden.

Landskapet i det meste av kommunen er dominert av fjellområde som langs Romsdalsfjorden når 1069 meter over havet på grensa til Haram i vest (Blåskjerdingen) og 1241 meter over havet (Trolltinden) på grensa til Rauma i aust. Lenger sør er fjella høgare, og det høgaste fjellet i kommunen finn ein på vasskiljet mot Sunnmøre sør i kommunen. Her når Lauparen på grensa til Ålesund og Fjord i sørvest 1434 meter over havet, og Sandfjellet på grensa mot Rauma og Fjord i søraust 1470 meter over havet. Mellom fjella skjer relativt djupe dalar seg ned.

Busetjing

Ved innløpet til Flatevågen ligg tettstaden og administrasjonssenteret Vestnes (2347 innbyggjarar 2019). Kommunen har to andre tettstader (folketal 2019): Tomra ved den inste delen av Tomrefjorden (1180) og Fiksdal på vestsida av Tomrefjorden (239). Tettgrenda Tresfjord inst i Tresfjorden har sidan 2016 ikkje vore klassifisert som tettstad. I alt bur 58 prosent av innbyggarane i kommunen i tettstader, mot 73 prosent i fylket samla sett (2019).

Det er relativt tett busetjing dei fleste stadene langs fjordane og i eidet mellom kommunesenteret og Tomrefjorden, likeins nedst i dalføret innanfor botnen av Tresfjorden.

Folketalet i Vestnes har (etter dagens grenser) vore jamt aukande sidan krigen, og i 2020 låg folketalet 37 prosent høgare enn i 1946. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 0,4 prosent årleg, mot 0,5 prosent i Romsdal og 0,6 prosent i fylket samla sett (basert på grensene frå 2020).

Kart over Vestnes kommune
Kart over Vestnes kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Vestnes er ei relativt god jordbruksbygd med hovudvekt på husdyrhald. Mjølkeproduksjonen er viktigast, men det blir også halde ein god del sau, og Vestnes har dessutan det største svinehaldet i fylket (2019). Kommunen har også stor skogavverking; i 2019 blei det avverka i alt 15 400 m3, og det var den største avverkinga blant kommunane i Romsdal. Det blir drive noko fiskeoppdrett, men berre eit svært beskjedent «ordinært» fiske. Samla utgjer primærnæringane fem prosent av arbeidsplassane i kommunen (2019).

Vestnes er i første rekke ein industrikommune, og 2019 var 21 prosent av arbeidsplassane i kommunen innan industri, 31 prosent dersom ein inkluderer bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Av kommunane i Romsdal har berre Aukra ein større del av arbeidsplassane i industri.

Den viktigaste industribransjen i Vestnes er verkstadindustrien med heile 83 prosent av dei industrisysselsette (2019). Verkstadindustrien baserer seg særleg på bygging av fartøy og maskinindustri (inkludert reparasjonar og installasjonar). Desse bransjane hadde dette året høvesvis 71 og 15 prosent av dei sysselsette i industrien. Ein annan viktig industribransje er næringsmiddelindustrien med 16 prosent av industrisysselsetjinga (2019). Karakteristisk for Vestnes er at industriverksemda er spreidd på ei rekke stader i kommunen (rekna frå vest): Rekdal, Fiksdal, Tomra, Vestnes tettstad, Skorgenes, Tresfjord, Daugstad og Vikebukt.

Turisttrafikken i kommunen er aukande, både langs fjorden og i fjellet. Det er stor vintertrafikk på Ørskogfjellet.

Av dei yrkesaktive som er busette i Vestnes, har 26 prosent arbeid utanfor kommunen (2019). Sju prosent arbeider i Molde, to prosent i Rauma, åtte prosent i Ålesund og i alt to prosent i dei andre kommunane på Sunnmøre, alt basert på kommuneinndelinga frå 2020.

Samferdsel

E136 (Dombås–Åndalsnes–Ålesund) går i bru over Tresfjorden mellom Vikebukt og Remmem (Tresfjordbrua). Like sør for Remmem fører vegen opp Skorgedalen og over Ørskogfjellet til Sjøholt i Ålesund. E39 (Kristiansand–Trondheim) har felles trasé med E136 frå Moa i Ålesund til Tresfjordbrua; herfrå går E39 fem kilometer nordover forbi Vestnes tettstad til Furneset, der det er ferjesamband over Romsdalsfjorden til Molde. Frå Vestnes tettstad fører fylkesveg 661 vestover til Tomra og vidare langs fjorden til tettstaden Vatne i Haram kommune.

Forutan vegen over Ørskogfjellet går det to andre vegar frå Vestnes over fjellet til Sunnmøre, i vest frå Fiksdal til Vatne i Haram kommune og i aust frå Tresfjord gjennom Kjersemdalen til Vaksvika i Ålesund kommune.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

På Gjermundnes aust for munningen av Tresfjorden ligg Gjermundnes vidaregåande skule (tidlegare Gjermundnes landbruksskule), med mellom anna linje for naturbruk.

Vestnes høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionråda Romsdal regionråd saman med Aukra, Hustadvika, Molde og Rauma, og Sunnmøre regionråd.

Vestnes kommune svarer til dei fire sokna Fiksdal, Tresfjord, Vestnes og Vike i Indre Romsdal prosti (Møre bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vestnes til Romsdal fogderi (futedømme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vestnes

For statistiske føremål er Vestnes kommune (per 2022) delt inn i tre delområde med til saman 22 grunnkrinsar:

  • Tomrefjord: Rekdal, Fiksdal, Fiksdalstrand, Frostad, Tomra, Gjerde - Lid, Vik
  • Vestnes: Øverås - Nerås, Flate - Furland, Åsbygda - Sørås, Hagneset - Vestnesbukta, Helland - Remmemsvik, Salthammer - Brastad
  • Tresfjord: Skorgen - Kjøpstad, Løvik - Eidhammer, Sylte, Rypdal - Kjersem, Daugstad, Vike indre, Vike ytre, Våge, Hjelvik

Historikk og kultur

Stranda ved Gjermundnes har fleire gravrøysar frå yngre steinalder.

Tre bruer går parallelt over sundet som leier inn til Flatevågen i Vestnes tettstad. Den eldste er ei freda trebru frå 1844.

Vestnes har lange tradisjonar med båtbygging, og det er båtbyggarmuseum både på Vestnes Brygge i kommunesenteret og i Tresfjord. Ved førstnemnde står Båtbyggarmonumentet. Like sør for Tresfjord tettstad ligg Tresfjord Bygdamuseum. På Gjermundnes ligg Landbruksmuseet for Møre og Romsdal i tilknyting til den tidlegare landbruksskulen.

Tresfjord kyrkje, den eldste beståande kyrkja i kommunen, er ei trekyrkje med åttekantplan frå 1828. Vestnes kyrkje i kommunesenteret, som er ei langkyrkje i tre frå 1872, har ein del eldre inventar. Vestnes kyrkje er den tredje kyrkja på staden; den første var ei stavkyrkje. Fiksdal kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1866, medan den fjerde soknekyrkja i kommunen, Vike kyrkje i Vikebukt, er ei moderne fleirbrukskyrkje i mur med langplan, bygd i 1970.

I Tresfjord blir det drive hesteoppdrett fleire stader. Bygda er særleg kjend for stor avl av islandshestar.

Vestnesavisa kjem ut éin gong i veka.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1980) har to gullfarga spissar mot venstre på raud bakgrunn. Motivet utgjer eit stilisert kart over kommunen.

Namnet er etter garden som ligg på neset vest for munningen av Tresfjorden, rett overfor Gjermundnes på austsida av fjorden.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Brovold, Ivar: Topografisk-historisk Beskrivelse over Vestnæs prestegjeld, 1901
  • Rekdal, Olav & Marit Rekdal Hoel: Gards- og slektshistorie for Vestnes – Tresfjord, 1973-, 3 b.
  • Skeidsvoll, Agnar: Bygdebok for Tresfjord, 1959

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg