Faktaboks

Rolf Just Nilsen
Fødd
31. august 1931, Oslo
Død
9. mai 1981, Oslo
Verke
Sanger og skuespiller
Familie

Foreldre: Ekspeditør Bjarne Olav Just Nilsen (1906–61) og Magnhild Herland (1901–79).

Gift 24.5.1954 med Arna Aukland (20.9.1932–), datter av byggmester Gabriel Aukland (1897–1982) og Margit Gismerøy (1906–88 el. 1989).

Brorsønn av Leif Juster (1910–95).

Rolf Just Nilsen i studio
Rolf Just Nilsen som imitator. I den populære radioserien Jul i Folkehjemmet frå 1963 leverte Rolf Just Nilsen og Ragnhild Michelsen ein mild parodi på Einar og Werna Gerhardsen.
Av /Bildebladet Nå.
Lisens: CC BY 2.0
Rolf Just Nilsen (1980)
Rolf Just Nilsen (til venstre) under Spellemannprisen i 1980. Det er ikkje kjent kven personen til høgre er.
Av /Riksarkivet .
Lisens: CC BY SA 4.0

Rolf Just Nilsen som gjøglaren Harlekin i Ola Solums filmatisering av Reisen til julestjernen (1976).

Europafilm.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Rolf Just Nilsen var ein norsk skodespelar, revyartist og songar. Han var kjend som ein underhaldar med særleg talent for imitasjonskunst. Just Nilsen sitt varemerke var humoren. Han markerte seg også som seriøs karakterkomikar.

Just Nilsen var tilsett ved fleire av institusjonsteatera mellom 1948 og 1976. Songstemma si fekk han bruk for både på scena og i platestudio. Gjennombrotet som songartist kom i rolla som «Operasangeren» på Chat Noir i 1958. Han hadde hovudrolla i fleire musikalar og spela inn humørfylte songar som Fiskeribølgen og Pappa'n til Tove Mette.

Han medverka i eit 20-tals filmar, den første i 1952. Dei neste par tiåra følgde filmar som Operasjon Løvsprett (1962), Stompa forelsker seg (1965) og Knutsen og Ludvigsen (1974). Publikumssuksessen framfor nokon var Ivo Caprino sin animasjonsfilmen Flåklypa Grand Prix (1975), der han gav stemme til fleire av figurane. Filmane og plateinnspelingane gjorde han kjend over heile landet. Eit endå vidare publikum nådde han gjennom radioprogrammet Søndagsposten, der han ofte var gjest, og i TV-serien Lørdagskveld, der han var frittalande narr i samfunnsdebatten.

Gjennom teaterturnear, bygdekinoen og NRK erobra Just Nilsen publikum over heile landet. Mange av platene hans vart først lanserte i radioen. Til liks med skodespelarkunsten er dei prega av humor, med undertonar av alvor. Somme songar er reine tøyseviser, som Julekveld i skogen, andre har samfunnssatirisk snert, som Pappa'n til Tove Mette. Stundom er det vemodet som rår, som i Lille Jensen drar til Mandalay. I 2000 vart det gitt ut eit album med tittelen De beste av Rolf Just Nilsen.

Bakgrunn

Rolf Just Nilsen var fødd i Oslo. Han debuterte som skodespelar på Studioteatret i 1948, i dramaet Vintersolverv. Åra 1952–1959 og 1965–1968 var han engasjert ved Chat Noir, og i 1959–1965 var han ved Edderkoppen. I rollene briljerte han med eit rikhaldig imitasjonstalent, som i 1954 gav han Peterprisen for god revykunst. Frå revyscenene gjekk han til Det Norske Teatret, der han var tilsett i periodane 1968–1970 og 1976–1981. Frå 1970 til 1976 spela han på Oslo Nye Teater.

Teaterskodespelar

Den lyse humoren, den som fekk folk til å le, var Just Nilsen sitt varemerke. Alt i barndomen viste han gjøglartalent utover det vanlege, og spesialiteten var å parodiere. Han spela sketsjar på skulen og revy i det militære. Songen var ein del av underhaldninga, og stemmetreninga frå åra i Sølvguttene kom til nytte.

Han bestemte seg for å satse på skodespelaryrket og begynte ei toårig læretid ved Studioteatret i 1947. Der debuterte han i 1948 som folketalaren i Maxwell Andersons Vintersolverv. Han vart tilsett ved Chat Noir i 1952 og slo for alvor igjennom i rolla som «Operasangeren» i revyen Så lenge lykken varer. I mange revynummer fekk han til fulle utfalde seg som imitator. Politikarar og kjendisar frå underhaldningsbransjen vart etterlikna så overbevisande at publikum knapt høyrde skilnad på original og kopi.

I rolla som Lillemann i Stopp verden, jeg vil av! (1964) markerte han seg som seriøs karakterkomikar. På Det Norske Teatret tok han på seg ei rekkje musikaloppgåver. Han var Tevje i Spelemann på taket og Sancho Panza i Mannen frå La Mancha. I både musikalar og komediar fekk han fram melankolien i moroa. Figuren Jeppe i Jeppe på Bjerget er ikkje berre eit oppblåst ego, i Just Nilsen sin rollefigur viser han òg varme og forstand, og i På felgen av fryd, med handling frå nordirsk historie, er han klovnen som manar til ettertanke.

Filmskodespelar

Også som filmskodespelar var det humor som kjenneteikna Just Nilsen sine roller. Innspelingane i 1950-åra var av det lettbeinte slaget, i tråd med norske folkekomediar. Intrigane var meir forseggjorde i militærkomediane Operasjon Løvsprett (1962), der Just Nilsen er munter korporal, og Operasjon Sjøsprøyt (1964), der han er sjømann på marinetokt.

I Knutsen og Ludvigsen (1974) er han Ludvigsen, som lever utrygt i tunnelen saman med kompis Knutsen, i kamp mot styresmaktene som vil kaste dei ut. Barnefilmen gledde heile familien. Det same gjorde Reisen til julestjernen (1976), som vart juleklassikar på fjernsyn og teaterscener. Der spela han klovnen Harlekin.

Den store milepælen i filmkarrieren var Ivo Caprino-filmen Flåklypa Grand Prix (1975). Filmen vart ein fulltreffar både i Noreg og internasjonalt. Historia om bygdeoriginalen Reodor Felgen selde over fire millionar billettar her til lands, og filmen vart dubba til mange språk. I originalfilmen ga Just Nilsen stemme til figurane Ben Redic Fy Fazan, Hallstein Bronskimlet og Ollvar Kleppvold.

Prisar

Just Nilsen fekk Peterprisen I 1954 for god revykunst. For innsatsen sin som revyskodespelar fekk han Leonardstatuetten i 1976. I 1980 fekk han Spellemannprisen for barneplatene Asbjørnsen og Moe's eventyr 1 og 2

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg