Faktaboks

Christlich-Demokratische Union

CDU

Den kristelig-demokratiske union, CDU, Den kristeleg-demokratiske union

Uttale
chrˈistlich-demokrˈatische union
Angela Merkel
Angela Merkel var partileiar i CDU frå 2000 til 2018. Ho var Tysklands forbundskanslar frå 2005 til 2021.
Angela Merkel
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Christlich-Demokratische Union er eit konservativt parti i sentrum av tysk politikk, skipa i 1945. Partiet har vore Tysklands største parti gjennom store delar av tida etter andre verdskrigen. Mellom 1949 og 2021 hadde CDU fem kanslarar og styrte Tyskland i tilsaman 52 av 72 år.

CDU samarbeidar nært med den bayerske CSU (CDU er ikkje representert i Bayern).

Konrad Adenauer (1946–1966), Helmut Kohl (1973–1998) og Angela Merkel (2000–2018) har vore blant partileiarane i CDU.

Historie

Valgkampplakat

Valplakat for CDU før valet i 1957. På plakaten er det bilete av den dåværande leiaren Konrad Adenauer og teksten «Keine Experimente!» (ikkje noko eksperiment).

Av .
Lisens: CC BY SA 3.0

Europeisering av Vest-Tyskland

CDU vart grunnlagt i 1945 som to atskilte partier i vest- og austsona (seinare Vest- og Aust-Tyskland) i det delte Tyskland. Partiet sitt mål var å byggje ein marknadsøkonomi med velferdsprofil, i utanrikspolitikken å bli integrert i vestleg samarbeid. Dette var under den kalde krigen, då Europa var delt i aust- og vestblokka. Ved valet til nasjonalforsamling i Forbundsrepublikken (Vest-Tyskland) i 1949 vann CDU, og Konrad Adenauer vart kanslar (statsminister). I 1963 overtok Ludwig Erhard. CDU si økonomiske gjenoppbygging gjekk så raskt at ho fekk merkelappen det tyske økonomimirakelet. Alt på 1960-talet var Vest-Tyskland ei økonomisk stormakt i Europa.

Gjenreisinga av nabolanda sin tillit til Tyskland etter andre verdskrigen var ifølgje Adenauer berre mogleg ved å binde seg til Vesten og vise seg som ein truverdig partnar. I 1951 var CDU med å grunnleggje det overnasjonale europeiske kol- og stålfellesskapet, og i 1954 vart Vest-Tyskland medlem av NATO. Ved valet i 1965 danna CDU og sosialdemokratane (SPD) koalisjonsregjering med Kurt Georg Kiesinger som leiar.

Tysk gjenforeining

Helmut Kohl

Helmut Kohl var leiar frå 1973 til 1998.

Av /NTB Scanpix ※.

Helmut Kohl si regjeringsperiode (1982–1998) fall saman med politisk tøvêr i Aust-Europa. I spørsmålet om eit samla Tyskland trødde han varsamt, men då Berlinmuren fall i 1989, vart han ein sterk pådrivar for gjenforeining. Utsiktene til eit større og sterkare Tyskland vekte skepsis både i aust og vest. Kohl dempa uroa ved å garantere at eit samla Tyskland skulle innordne seg europeisk integrasjon, og ikkje bli med i NATO før Sovjetsamveldet aksepterte det. Aksepten kom i 1990. Same året vart Aust- og Vest-Tyskland gjenforeint. Kohl tok opp att initiativet om å erstatte D-marken med ein ny felleseuropeisk valuta, ei ordning han meinte ville sikre at europeiske land aldri meir gjekk til krig mot kvarandre. Forslaget vekte sterk strid i Tyskland, men rundt hundreårsskiftet vart euroen innført i EU.

Politisk nyorientering

Angela Merkel vann fire kanslarval og regjerte frå 2005 til 2021. Ho førte vidare vestorienteringa frå Kohl, men Tyskland var blitt meir sjølvsikker, både økonomisk og politisk, og Merkel var mindre smålåten overfor samarbeidspartnarane enn sin forgjengar.

Ifølgje Merkel var alternativet til globalisering økonomisk stagnasjon. Under mottoet «endring gjennom handel» styrkte ho samarbeidet med Russland og gjorde Kina til viktigaste handelspartnar etter EU. Tryggingspolitikken vart meir internasjonal. Tyskland bevega seg vekk frå den defensive forsvarsstrategien i etterkrigstida, og på 1990- og 2000-talet deltok landet i NATO-leia krigføring utanlands.

Det dukka opp fleire kriser som Merkel måtte hanskast med, mellom anna flyktningkrisa og Brexit. Den britiske statsministeren hadde ved fleire høve varsla at det kunne bli aktuelt å trekkje Storbritannia ut av EU. Merkel frykta at det kunne få heile EU til å rakne, og kjempa sterkt imot. Finanskrisa i 2008 var ein akutt situasjon. Mislukkast euroen mislukkast Europa, uttalte Merkel. Så tok ho leiinga i krisehandteringa.

Ideologi og viktige saker

Før krigen var CDU eit katolsk parti, etter 1945 retta partiet seg mot både katolikkar og protestantar, med plass for konservative og liberale. Dei ulike gruppene meinte det styrkte både politikken og den nasjonale fellesskapen om dei kunne samarbeide. Frå starten av har samarbeid og integrasjon vore mål og middel for CDU i mange politiske samanhengar, både nasjonalt og internasjonalt, og rydda veg for regjeringskoalisjonar med andre parti. Samarbeidsviljen gjorde CDU til eit folkeparti i midten av tysk politikk.

Å vere konservativ var for CDU å gjenreise det kristne menneskesynet gjennom praktisk sosialpolitikk. Då partiet kom til makta i 1949, fekk dei i stand stønader til krigsskadde, og fram til midten av 1950-talet vart det bygd fire millionar boliger. Alderspensjonen vart indeksregulert og nye trygdeordningar kom til. Helsevesenet vart gjenoppbygd, men CDU har frå starten av halde fast ved førkrigsordninga med private sjukeforsikringar.

Adenauer-regjeringa fekk på plass ein moderne velferdsstat, finansiert gjennom privat marknadsøkonomi, staten sitt ansvar var å sikre folk økonomisk gjennom trygder og vern mot utbyting. Ifølgje partiet var dette ein tredje veg, mellom kommunisme og kapitalisme. For CDU har marknadsøkonomi vore eit berande prinsipp. Etter gjenforeininga av Tyskland i 1990 sette Kohl i verk eit omfattande program for privatisering av austtyske bedrifter.

Med sekularisering og auka kulturmangfald endra CDU sitt tradisjonelle syn på familiepolitikk. Familieomgrepet vart utvida til også å gjelde åleineforeldre og skilde foreldre, og på 1980- og 1990-talet lovfesta partiet retten til barnehageplass og gjekk med på å liberalisere abortlova. På 2000-talet vedtok Merkel-regjeringa retten til likekjønna ekteskap.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kornelius, Stefan (2013). Angela Merkel: The Chancellor and Her World
  • Lie, Kai (2003). Tyskland etter den kalde krigen, Internasjonal politikk
  • Recker, Marie-Luise (2002). Geschichte der Bundesrepublik Deutschland

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg