Ådne er eit mannsnamn som er dialektform av Arne som tyder ‘ørn’. Dette namnet har særleg vore brukt i Agder og Rogaland.

Namnet har fleire variantar: Oddne, Odne, Ådne, Aadne, Åne.

Kjende personar med namnet Ådne

Eksempel på ein person med namnet Aadne som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 092 menn i Noreg som hadde Ådne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 18 gutar som fekk namnet Ådne.

Utvikling i bruk av namnet

Ådne fekk eit sterkt oppsving i 1990-åra, og grunnen til dette er skøyteløparen Ådne Søndrål (fødd 1971) som var på topp i idrettskarrieren sin i 1990-åra, mellom anna OL-sølv i 1992 og OL-gull i 1998.

Utvikling i bruk av namnet Ådne frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ådne frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg