Firdanytt var ei politisk uavhengig avis i Nordfjord i Sogn og Fjordane. Firdanytt var ei døgnflueavis og kom ut i perioden mai–juli 1952.

Historie

Firdanytt kom med første nummeret på Sandane i Gloppen 20. mai 1952 og gjekk inn 8. juli etter 13 nummer. Initiativtakar og redaktør var Oddvar Gloppestad, som mellom anna var aktiv i det lokale ungdomslaget. Med seg i redaksjonen hadde han frå 4. juni Fredrik Koch, tilsett etter ei lysing i Dagbladet.

Herbjørn Sørebø, på den tida elev på Firda landsgymnas på Sandane, var ein ivrig bidragsytar med petitar og kulturstoff. For Sørebø var dette dei første stega i medieverda. Her publiserte han også nokre av dei første dikta sine. Anton Aabrech stod oppført som redaksjonssekretær, men det er uvisst om han rakk å byrje i stillinga.

Politisk uavhengig bygdeblad

Avisa presenterte seg som «politisk uavhengig bygdeblad for Sogn og Fjordane». Ho kom ut kvar tysdag og fredag, kvart nummer var på fire sider. Fredrik Koch, som òg var annonsesankar, vart straks plassert i Førde, der avisa vart prenta på Øens prenteverk. Opplaget er ukjent.

I sitt korte liv skreiv avisa om lokale hendingar, dekte kommunestyremøte i området, omtalte 17. maifeiring og bøker, riksteaterbesøk, jordbruksnytt og nyhende frå organisasjonslivet. Koch og Sørebø skiftest på å skrive spalta Rundtomkring. Leiarartiklane tok stundom også opp nasjonale og internasjonale saker, ved sida av lokale spørsmål.

Men kontakten med lesarane svikta, og det fanst allereie fleire aviser i fylket. Tysdag 8. juni 1952 varsla Firdaposten nr. 13. 1. årgang ein pause på 14 dagar «for skuld ferie i prenteverket». Det vart dei siste orda frå redaksjonen. Redaktøren, Oddvar Gloppestad, vart seinare typograf i Oslo.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Terje Eggum: På trykk. Avisene i Sogn og Fjordane 1874–2009. Førde 2009
  • Fredrik Koch: «Unge dager i Firdanytt», Pressehistoriske skrifter, nr. 4/2005
  • Herbjørn Sørebø: Medieliv. Oslo 2003

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg