Faktaboks

Ågot Gammersvik
Fødd
30. mars 1949, Drammen, Viken

Ågot Gammersvik er etnolog og museumsarbeidar. Dei siste tiåra har ho arbeidd seg fram til ein av dei mest framtredande posisjonane i den norske museumsverda.

Ågot Gammersvik er fødd i Drammen. Ho har utdanning som etnolog frå Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo og har ei rekkje faglege arbeid bak seg. Etter å ha arbeidd på oppdrag for mellom anna Nordfjord folkemuseum og fleire fylkeskonservatorar gjekk ho i 1985 inn i museumsbransjen som konservator og direktør for Hardanger folkemuseum. I 2001–2002 var ho direktør ved Norsk Sjøfartsmuseum, 2002–2010 var ho direktør ved museet Maihaugen på Lillehammer og 2010–2013 var ho administrerande direktør for Lillehammer museum. 2013–2015 var ho rådgivar ved Forsvarsmuseet og sidan 2016 har ho vore vore prosjektleiar ved Bergenhus festningsmuseum.

Gammersvik har arbeidd mykje med strategisk museumsutvikling, mellom anna gjennom eit omfattande samarbeid mellom Maihaugen og Norsk Folkemuseum. Ho har ikkje minst vore oppteken av musea si rolle i reiselivet og med å dokumentere samtida, og ho har vore med på prosjekta «Dokument 2000» og «På sporet av den tapte samtid».

Gammersvik har hatt ei rekkje styreverv, mellom anna som leiar for Norges Museumsforbund, som medlem i sentralstyret for Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) og som varamedlem i Norsk kulturråd. Ho sat dessutan i Strategisk råd for reiseliv, som vart oppnemnt av regjeringa i 2008, der ei rekkje av toppleiarane i norsk reiseliv er med.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg