Faktaboks

Joseph Oscar Hennum
Fødd
7. juni 1847, Kristiania (no Oslo)
Død
23. mars 1908

Joseph Oscar Hennum var ein norsk lege. Han skreiv den første fagordlista for landsmål.

Bakgrunn

Joseph Oscar Hennum var fødd i Kristiania (no Oslo). Han tok studenteksamen ved Qvams skole i 1866, vart cand.med. i 1875 og dr.med. ved universitetet i Kristiania i 1885 med avhandlinga Til Belysning af Cellernes Former.

Medisinsk karriere

Hennum var fattiglege i Vestre Toten i tre år før han i 1880 flytta tilbake til Kristiania og vart kommunelege i Østre Aker og prosektor og demonstrator i mikroskopi ved universitetet. Ei tid var han òg militærlege. I 1893 vart han distriktslege i Aker og i 1895 hovudlege ved Riksforsikringsanstalten.

I yngre år publiserte Hennum fleire vitskapelege arbeid og var medarbeidar i fleire medisinske tidsskrift. Han var oppteken av opplysningsverksemda til arbeidarakademia, var leiar for Kristiania Arbeiderakademi i 1886–1897 og heldt sjølv systematiske førelesingar om anatomi i akademiet.

Landsmål

I 1886 gav Hennum ut Anatomiske Termini fra det norske Landsmål. Heftet var eit tillegg til Norsk Magazin for Lægevidenskaben og var den første fagordlista på landsmål. Lista bygde på Ivar Aasens Norsk Ordbog og inneheldt norske nemningar for anatomiske fagord og faguttrykk på dansk, som var ordna tematisk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sylvi Dysvik: «Nynorske fagordbøker», Språknytt, nr. 2/2010
  • J.O. Hennum: Anatomiske Termini fra det norske Landsmål. Tillægshefte til Norsk Magazin for Lægevidenskaben. Kristiania 1886
  • Henrik Jæger (red.): Illustreret norsk litteraturhistorie, bd. 2 (kap. E. Schønberg: «Medicin»). Kristiania 1896
  • I. Kobro: Norges læger. 1800–1908. Kristiania 1908
  • E. Schønberg: Oversigt over den norske medicinske literatur i det nittende aarhundre. Kristiania 1897
  • Fr. Strøm: «Hennum, Joseph Oscar», Norsk biografisk leksikon, bd. 6. Oslo 1934

Faktaboks

Joseph Oscar Hennum
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045049146

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg