Faktaboks

Ola Perstølen
Fødd
26. november 1877, Ål, Viken
Død
8. november 1969, Ål, Viken

Ola Perstølen var skreddar, organisasjonsmenneske og målmann. Han var engasjert i frilyndt ungdomsarbeid, målsak og fråhaldssak i Hallingdal.

Ola Perstølen gjekk i skreddarlære hos faren og arbeidde som bygdeskreddar. Etter nokre år i USA byrja han skreddarforretning på Sundre, som han utvida til manufakturhandel og seinare bokhandel. Bokhandelen vart med åra ein av dei fremste i Hallingdal. Perstølen hadde ymse kommunale tillitsverv og var med i Ål heradsstyre 1920–1937, dei to siste åra som ordførar. Ola Perstølen var faren til Einfrid Perstølen.

Perstølen gjekk to vintrar på Voss Folkehøgskule hos Lars Eskeland og Olaus Alvestad og vart sterkt påverka av desse to folkehøgskulemennene. Han brann for tanken om ein folkehøgskule i Hallingdal og var formann i Hallingdal Høgskulelag frå laget vart skipa i 1938 og til 1955, styremedlem til 1961. Likeins var han den første styreformannen for Ål Bygdamuseum frå museet vart grunnlagt i 1924, og han sat som formann til 1957.

For langt og trufast arbeid for målsaka vart han i 1964 utnemnd til æresmedlem i Noregs Mållag, og for innsatsen for fråhaldssaka fekk han Klostermedaljen. Ola Perstølen vart også heidra med Kongens fortenestemedalje i sølv.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Breiehagen, Paul (1993): «Bygdehøvdingen Ola Perstølen», i Jul i Hallingdal. Gol: Hallingdal fylkeslag
  • Perstølen, Einfrid (2003): «Ola Perstølen», i Dølaminne. Ål: Hallingdal historielag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg