Hopp til innhold

Om Allkunne

Allkunne er eit digitalt, redigert oppslagsverk på nynorsk. Alle tekstar blir vurderte redaksjonelt og språkretta før publisering.
Les meir om Om Allkunne

Artiklar i Allkunne

Artiklane i Allkunne kjem i hovudsak til på to måtar, som nyskrivne artiklar frå godkjende forfattarar etter avtale, eller som redigerte, oppdaterte og omsette artiklar frå Caplex. I tillegg publiserer Allkunne etter avtale med tredjepart artiklar frå verk som tidlegare har kome ut i bokform.
Les meir om Artiklar i Allkunne

Historia

Allkunne AS vart skipa 20.8.2008 av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Nettstaden www.allkunne.no vart offisielt opna 20.10.2009. I dag er Allkunne organisert som ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum.
Les meir om Historia

Allkunne og Caplex

Ved årsskiftet 2009/2010 kjøpte Allkunne AS frå Cappelen Damm AS rettane til å publisere mesteparten av stoffet i Caplex. Alle tekstane vurderte og oppdaterte av fagkonsulentar, omsette frå bokmål til nynorsk og redigerte for digitalt format før publisering.
Les meir om Allkunne og Caplex