Hopp til innhold
X
Innhald

Allkunne og Caplex

Ved årsskiftet 2009/2010 kjøpte Allkunne AS frå Cappelen Damm AS rettane til å publisere mesteparten av stoffet i Caplex. Den avtalen som då blei gjord, ligg til grunn for publiseringa av leksikonartiklar frå Caplex. Etter grunnlagsarbeid i redaksjonen er alle tekstane vurderte og oppdaterte av fagkonsulentar, omsette frå bokmål til nynorsk og redigerte for digitalt format.

I oktober 2011 tok Allkunne til å publisere leksikontekstar om all verdas emne frå Caplex. Etter kvart blir jamt fleire emne dekte.

 

Caplex representerer ei leksikonhistorie like frå 1935. Då gav Cappelen ut både Cappelens oppslagsverk for ungdommen og Nyco konversasjonsleksikon; sistnemnde kom i 1939 ut i ny utgåve som Cappelens leksikon. I 1958 blei namnet endra til CAP-leksikon, frå 1962 gjerne kalla Caplex. Etter ei satsing på seksbandsverket Combi frå 1968, leksikonet Refleks i 1972 og sjubandsverket Media i 1979 henta Cappelen fram att eittbandsleksikonet Caplex i 1990, då i ny og oppdatert utgåve.

 

Caplex kom i første digitale nettutgåve i august 2000, men var som første leksikon i verda tilgjengeleg i WAP-versjon i 1999. I bokform blei dette leksikonet utgitt siste gongen i 2004. Nettutgåva blei i avgrensa omfang oppdatert fram til hausten 2006. I 2011 avvikla Cappelen Damm alt arbeid sitt med Caplex.

 

Caplex er eit velprøvt leksikon som gjennom mange tiår er blitt tilpassa brukarbehov og utvikling. Artiklane er korte fordi dei skulle få plass i eit leksikon i eitt band. Utvalet av artiklar er blitt til gjennom tiårs vurderingar av kva som bør vere med i eit allment leksikon for at det nettopp skal vere eit allment leksikon.  

 

Ved årsskiftet 2009/2010 kjøpte Allkunne AS frå Cappelen Damm AS rettane til å publisere mesteparten av stoffet i Caplex. Den avtalen som då blei gjord, ligg til grunn for publiseringa av leksikonartiklar frå Caplex. Etter grunnlagsarbeid i redaksjonen er alle tekstane vurderte og oppdaterte av fagkonsulentar, omsette frå bokmål til nynorsk og redigerte for digitalt format. Det ligg ikkje føre informasjon om kven som har skrive artiklane for Caplex. Dei fleste er truleg blitt til gjennom tiår med redaksjonelt arbeid. Difor er desse artiklane merkte med denne signaturen:

Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000 –2006

Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009

Dei første artiklane frå Caplex publiserte Allkunne 14.10.2011. Over tid blir alle artiklar utvida etter behov, og nye artiklar kjem til som det er blitt viktig å skrive etter at Caplex sist var oppdatert. Det er også aktuelt å gi stoffutvalet den breidda ein må vente å finne i eit godt, allment oppslagsverk i eit moderne, fleirkulturelt samfunn.

Først publisert: 22.11.2011
Sist oppdatert: 12.03.2015