Hopp til innhold

Om Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane inneheld om lag 7000 artiklar om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna. Frå 2021 tek Vestland fylkeskommune over ansvaret for dette innhaldet. 

Allkunne tok over Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå 11. februar 2015. Fylkesleksikonet er bygd opp av NRK Sogn og Fjordane. I 2020 inngjekk Nynorsk kultursentrum og Vestland fylkeskommune avtale om at Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet tek over ansvaret for Fylkesleksikonet frå 2021.  

Historia

NRK Sogn og Fjordane hadde sidan 2001 arbeidd med faktainformasjon om fylket. Det aller meste av stoffet er skrive og oppdatert av Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen, og er gjort med støtte frå NRK, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I 2014 avgjorde NRK at dei ikkje skulle drive fylkesleksikon på nettstaden sin, og for å sikre dette innhaldet for framtida tok Allkunne på seg oppgåva med å gjere innhaldet tilgjengeleg frå 11.2.2015. 

Frå 2021 skal Nynorsk kultursentrum samarbeide med Store norske leksikon om meir nynorsk leksikoninnhald på snl.no, og Allkunne blir avvikla. Det var difor på tide å finne ein ny heim til dette lokalhistoriske innhaldet, og Vestland fylkeskommune var ein heilt naturleg arvtakar. Fylkesarkivet blir no ein del av verksemda i seksjon arkiv i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

Innhaldet

Ved overtakinga hadde Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane om lag 7000 artiklar og over 14 000 bilete. Stoffet femna om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna. Noko av innhaldet er ikkje typisk leksikonstoff, men liknar meir lokalsogeartiklar. Dei fleste av desse artiklane er framleis tilgjengelege, men må lesast som det dei er.

I 2018 sletta Allkunne 100–200 artiklar der det både var artiklar i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK, og eigenskrivne artiklar. Opplysingar og biletmateriale frå Fylkesleksikonet har blitt nytta som kjelde til dei oppdaterte artiklane. Dette har vi gjort for å vere sikre på at artiklane vi har er oppdaterte og at det er sist oppdaterte artikkel brukarane våre får tilgang til.  

Oppdatering og vedlikehald

Sidan overtakinga har Allkunne hatt redaktøransvaret for sidene, men Allkunne har ikkje fått auka løyvingar til å oppdatere, utvide eller utvikle fylkesleksikonet. Derfor er mange artiklar uendra og innhaldet berre sporadisk oppdatert. På grunn av avtalen om overtaking i 2021 blir ikkje dette innhaldet lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.  

Først publisert: 11.02.2015
Sist oppdatert: 11.02.2021