Hopp til innhold
X
Innhald

Om Fylkesleksikonet for Sogn og Fjordane

Allkunne tok over Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå 11. februar 2015. Fylkesleksikonet er bygd opp av NRK Sogn og Fjordane.

Historia

NRK Sogn og Fjordane hadde sidan 2001 arbeidd med faktainformasjon om fylket. Det aller meste av stoffet er skrive og oppdatert av Ottar Starheim og Kjell Arvid Stølen, og er gjort med støtte frå NRK, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune. I 2014 avgjorde NRK at dei ikkje skulle drive fylkesleksikon på nettstaden sin, og for å sikre dette innhaldet for framtida tok Allkunne på seg oppgåva med å gjere innhaldet tilgjengeleg frå 11.2.2015. 

Innhaldet

Ved overtakinga hadde Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane om lag 7000 artiklar og over 14 000 bilete. Stoffet femna om kommunar, bedrifter, stader, personar, historie, næringsliv og kulturliv, organisasjonar og mykje anna. Noko av innhaldet er ikkje typisk leksikonstoff, men liknar meir lokalsogeartiklar. Dei fleste av desse artiklane er framleis tilgjengelege, men må lesast som det dei er.

I 2018 sletta Allkunne 100–200 artiklar der det både var artiklar i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK, og eigenskrivne artiklar. Opplysingar og biletmateriale frå Fylkesleksikonet har blitt nytta som kjelde til dei oppdaterte artiklane. Dette har vi gjort for å vere sikre på at artiklane vi har er oppdaterte og at det er sist oppdaterte artikkel brukarane våre får tilgang til.  

Oppdatering og vedlikehald

Sidan overtakinga har Allkunne redaktøransvaret for sidene, men Allkunne har ikkje fått auka løyvingar til å oppdatere, utvide eller utvikle fylkesleksikonet. Derfor er mange artiklar uendra. Meld gjerne frå til allkunne@allkunne.no om feil og manglar. Oppgi då gjerne kjelde.

Først publisert: 11.02.2015
Sist oppdatert: 31.07.2018