Hopp til innhold
X
Innhald

Artiklar i Allkunne

Artiklane i Allkunne kjem i hovudsak til på to måtar, som nyskrivne artiklar frå godkjende forfattarar etter avtale, eller som redigerte, oppdaterte og omsette artiklar frå Caplex. I tillegg publiserer Allkunne etter avtale med tredjepart artiklar frå verk som tidlegare har kome ut i bokform. Slike artiklar blir oppdaterte og redigerte for digitalt format av Allkunne før publisering.

Forfattarar

Allkunne har ei rekkje fagutdanna forfattarar. For å bli godkjend som forfattar i Allkunne må forfattaren ha nødvendig og oppdatert fagkunnskap om dei aktuelle emna, og kunne skrive godt og fagleg presist. Alle nye forfattarar skriv to prøveartiklar før eventuell godkjenning.

Ein tverrfagleg redaksjonen vurderer alle nyskrivne artiklar. Alle artiklar blir sluttredigerte og språkvaska før publisering.

Å skrive for Allkunne kan kvalifisere til å søkje om medlemskap i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFF). Det står meir om krava til medlemskap i NFF her.

Vil du skrive for Allkunne? Mange forfattarar skriv alt for Allkunne, og vi treng alltid fleire. Artiklane i Allkunne blir honorerte etter avtalefesta leksikonsatsar. Ta kontakt!

Fagkonsulentar

I desember 2009 kjøpte Allkunne AS frå Cappelen Damm AS rettane til å publisere mesteparten av stoffet i Caplex. Den avtalen som då blei gjord, ligg til grunn for all publisering av leksikonartiklar frå dette oppslagsverket. Etter grunnlagsarbeid i redaksjonen blir artiklane vurderte og oppdaterte på nytt av fagkonsulentar, omsette til nynorsk og redigerte for digitalt format.

Dette arbeidet held fram. Fagkonsulentane gjer eit grundig arbeid med å vurdere og oppdatere alle artiklane innanfor fagområda sine. Vi treng støtt fleire fagkonsulentar. Ta kontakt!


© Nynorsk kultursentrum

Først publisert: 24.01.2014
Sist oppdatert: 01.09.2016