Hopp til innhold
X
Innhald

Allkunne – levande leksikon

Slagordet til Allkunne er «levande leksikon». Men kva inneber det å vere eit levande leksikon?

Kunnskap er ikkje statisk

For det første, kunnskap endrar seg. Sjølv kunnskap ein ser på som ganske konstant, som kor mange artar av torskefiskar det finst, eller korleis rosefamilien blir delt opp, kan endre seg over tid, etter kvart som ny forsking kjem til andre resultat.

Også omgrep får nye tydingar over tid, og persepsjonen av ord og uttrykk endrar seg. Det skjer gjennom at forståinga og oppfatninga av ord endrar seg eller endrar valør. Ord som før var vanlege å bruke, kan i dag vere etisk eller politisk belasta, og dermed kan dei bli opplevde som støytande. Særleg gjeld dette ein del nemningar på grupper av menneske. Men forståinga av ord kan òg endre seg utan at ordet får ein negativ valør. Utviklinga av samfunnet, som ny teknologi, nye gjenstandar og nye handlingar, gjer at nye ord kjem til, men òg at forståinga av andre forsvinn. I Allkunne er vi med på å utvikle og halde levande fagterminologi og eit nynorsk omgrepsapparat til å omtale verda slik ho er i sitt mangfald.

Den gongen leksikon berre kom i papirformat, var siste punktum sett ved trykkinga. I eit digitalt leksikon er det forventa at innhaldet blir oppdatert fortløpande. Eit levande leksikon endrar seg derfor i takt med tida.

Leksikon pluss

Å vere eit levande leksikon handlar for oss ikkje berre om oppdatert kunnskap. Allkunne ønskjer å vere eit leksikon pluss, eit leksikon som gir meir av innhald enn artiklar sorterte frå a til å.

Mellom anna blir det på nettstaden fortløpande laga temasider om aktuelle saker, til dømes stortingsval og ulike jubileum. På den måten samlar vi aktuelle artiklar på éin stad. Vi har òg kvissar på nettstaden, og oversiktsartiklar som «Dagen i dag» og «Eit språk blir til», som tek for seg viktige hendingar i den nynorske kulturhistoria og historier om all verdas språk dag for dag.

Eit nettleksikon gir òg større spelerom når det gjeld tekniske løysingar og nye måtar å formidle på. Derfor har vi gjerne tidslinjer i artiklane, interaktive kart og andre digitale funksjonar, som utvidar måten å formidle på. Og vi ser stadig etter nye måtar som gjer det enklare og kjekkare for lesarane å finne den informasjonen dei er på jakt etter – eller som dei ikkje visste at dei leita etter, men som ein like fullt har glede av å finne. Det blir litt som då vi før slo opp i papirleksikonet og enda med å lese både det vi leita etter, og ein del anna, fordi det fanga interessa vår medan vi bladde.

Aktualitet

Allkunne gir informasjon om og nye perspektiv på aktuelle emne. Som levande leksikon vil vi gi lesarane bakgrunnsinformasjon om det som skjer i samfunnet – når det skjer.

Artiklar om aktuelle emne blir løfta fram på framsida av allkunne.no og delte i sosiale medium. Det kan vere artiklar om politikk i samband med val eller om saker eller personar som er i nyhendebiletet. Her prøver vi i størst mogleg grad å sjå fram i tid og planleggje artikkelproduksjonen ut frå komande hendingar, eller snu oss fort om når det er nødvendig.

Slik kan vi vere synlege og aktuelle når det er påske og folk ikkje heilt hugsar tydinga og historikken knytt til dei ulike påskedagane. Eller når det kjem ein ny fjernsynsserie som gjer at mange søkjer etter informasjon om vikingtida.

Nettstaden allkunne.no er plattforma vår, men vi finst også andre stader der vi treffer lesarar. Derfor er vi aktive i sosiale medium og postar drypp med kunnskap kvar dag. Du finn oss på Facebook og Instagram (@allkunne).

Alt dette gjer Allkunne til eit levande leksikon.

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020