Hopp til innhold
X
Innhald

Produksjon for Den kulturelle skulesekken om kjeldekritikk og journalistikk

Allkunne og Vinje-senteret samarbeider om å utvikle ein produksjon for Den kulturelle skulesekken (DKS) om kjeldekritikk og journalistikk.

Produksjonen er ei framsyning der kjeldekritikk, journalistikk og medieforståing er tema, tilpassa 8.–10. klassesteg. Målet er å dele kunnskap og skape bevisstgjering og engasjement rundt temaet og dei vala ein gjer.

Bevisstgjering rundt og kunnskap om kjeldekritikk er viktigare enn nokon gong. I vår digitale samtid kan kven som helst skrive kva som helst på internett, og falske nyhende og informasjon blir bevisst planta og spreidde. Medieforståing og kunnskap om kjeldekritikk er ikkje minst viktig for å kunne ta del i samfunnet og vere ein likeverdig deltakar i demokratiet.

Gjennom skodespel vil vi vise ungdomane konsekvensar av at feil eller misvisande informasjon blir spreidd, om maktspel og knep som kan liggje bak motivet for å feilinformere – men også at det finst gråsoner og ulike røyndomar.

Forfattar Anders Totland skriv manuset til produksjonen. Totland er ein produktiv forfattar som skriv skjønnlitteratur og sakprosa for barn og vaksne. Han har òg bakgrunn som journalist. Som forfattar går han inn i vanskelege og krevjande tema for ungdom. Totland har òg brei erfaring med skulebesøk og formidlingsopplegg for ungdom.

I dei nye læreplanane er kjeldekritikk, demokrati, medborgarskap, digital deltaking og dømekraft viktige tema, som blir aktualiserte i denne framsyninga.

Vinje-senteret og Allkunne er delar av Nynorsk kultursentrum. I Allkunne arbeider vi dagleg med kjeldekritikk. Dette er noko vi er opptekne av, både i det daglege arbeidet med leksikonet og som eit tema vi gjerne vil aktualisere og formidle utover. Vi held til dømes foredrag om kjeldekritikk til skuleklassar som er på besøk, fortel redaktør Stina Aasen Lødemel. Vinje-senteret er under etablering og skal vere eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk. Den planlagde basisutstillinga på senteret vil mellom anna vise korleis journalistikken dannar grunnlaget for å kunne vere ein aktiv deltakar i demokratiet, og korleis journalistisk metode og handverk skaper sakene og endrar samfunnet.

Produksjonen er klar til skuleåret 2020/2021. Dersom du er interessert i å bestille framsyninga, kan du kontakte redaktøren i Allkunne, Stina Aasen Lødemel på e‑post stina.aasen.lodemel@allkunne.no eller telefon 70 04 75 95 / 93 67 15 11.

Først publisert: 30.12.2019
Sist oppdatert: 01.01.2020