Hopp til innhold
X
Innhald

Bruk av innhald

Kort sagt: Bruk oss! Berre hugs å kreditere Allkunne.

Allkunne er ei sikker kjelde til informasjon.

Berre redaktøren eller andre tilsette i Allkunne kan publisere eller endre artiklar og/eller bilete.

Vi ønskjer at artiklane på Allkunne.no blir nytta som grunnlag og som kjelder i skuleoppgåver, fagartiklar og i andre høve. Alt innhald på Allkunne.no er opphavsrettsverna.

Ved bruk av Allkunne.no som kjelde må kjeldetilvisinga innehalde forfattar, artikkeltittel, Allkunne.no, url-adresse og lesedato. Døme: Runar Gudnason: «Gatas Parlament», allkunne.no, sist oppdatert 22.5.2013 http://www.allkunne.no//framside/kunst-musikk-og-s... [lesedato 2.6.2013]

Ved sitat og parafrase skal det kome tydeleg fram kvar sitatet eller stoffet er henta frå. Sitat skal markerast med hermeteikn, og både sitat og parafrase skal innehalde kjeldetilvising.

Bruk av Allkunne i skulen

Allkunne er tilrettelagt som nettbasert hjelpemiddel til eksamen i tråd med retningslinjene frå Utdanningsdirektoratet. Allkunne ligg på eigen datatenar. og IP-adressa kan isolerast. Det er ikkje mogleg å bruke allkunne.no til å kommunisere med andre under eksamen, til dømes gjennom chat. Ta kontakt med skuleeigar om du ønskjer å få lagt til Allkunne som nettbasert hjelpemiddel ved skulen din. IP-adressa til allkunne.no er 185.22.121.103.

Allkunne blir brukt i både grunnskulen, vidaregåande skule og høgare utdanning. Ta gjerne direkte kontakt om bruk av Allkunne i undervisning, ved eksamen eller i anna skulearbeid, så hjelper vi!

Foto og andre bilete

Foto på Allkunne.no er henta frå mange kjelder. Vi har anten fått løyve direkte frå opphavsrettshavar, eller vi bruker foto frå til dømes Flickr.com merka med Creative Commons-lisens, som gir oss løyve til å bruke det.

Foto som Allkunne har brukt med løyve frå opphavsrettshavaren, kan ikkje nyttast av andre utan eigen avtale med opphavsrettshavaren. Foto merka Creative Commons-lisens kan eventuelt brukast dersom det er i tråd med lisensen for fotoet.

Allkunne har avtale med NRK Skole om videoinnhald.

Ta gjerne kontakt med Allkunne for nærare informasjon.

Eksterne sider

Allkunne.no er ikkje ansvarleg for innhald i eksterne lenkjer og peikarar.


© Nynorsk kultursentrum

Først publisert: 02.06.2013
Sist oppdatert: 01.09.2016