Nynorsk kultursentrum
Stiftinga Nynorsk kultursentrum eig og driv Ivar Aasen-tunet og Allkunne i Ørsta og Olav H. Hauge-senteret i Ulvik. Stiftinga gjennomfører eit breitt kulturprogram året rundt og eig og driv tre festivalar, Dei nynorske festspela i Ivar Aasen-tunet kvart år i juni og Ulvik poesifestival annakvart år i september og Litteraturdagane i Vinje frå august 2018. Allkunne er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk og det einaste pålitelege digitale oppslagsverket på nynorsk. Stiftinga forvaltar Vinje-fondet og arbeider for å etablere Vinje-senteret i Vinje i Telemark. Nynorsk kultursentrum blei kåra til Årets museum 2015!
Les meir om stiftinga i artikkelen «Nynorsk kultursentrum».
24 fylke, kommunar, utdanningsinstitusjonar, kulturinstitusjonar og organisasjonar står bak stiftinga:
Kommunar og fylkeskommunar
Telemark fylkeskommune
Rogaland fylkeskommune
Hordaland fylkeskommune
Møre og Romsdal fylke
Sogn og Fjordane fylkeskommune
Volda kommune
Ørsta kommune
Ulvik Herad
Vinje kommune
Forskings- og utdanningsinstitusjonar
Universitetet i Tromsø
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet
Universitetet i Oslo
Universitetet i Bergen
Høgskulen i Volda
Høgskulen i Sogn og Fjordane
Møreforsking
Møre Folkehøgskule
Kulturinstitusjonar
Det Norske Samlaget
Det Norske Teatret
Sunnmøre Museum
Målrørsle
Noregs Mållag
Noregs Ungdomslag
Landssamanslutninga av nynorskkommunar
Vestmannalaget
© Nynorsk kultursentrum
Sist oppdatert: 01.02.2019