Hopp til innhold
X
Innhald

Vedtekter

Vedtekter for stiftinga Nynorsk kultursentrum.

Vedtekne på skipingsmøte 31. august 1993, med endringar frå 8. september 1997, 10. mars 1999, 11. mars 2005, 22. september 2011, 1. oktober 2015, 30. september 2016 og 3. oktober 2017

§ 1 Føremål

Stiftinga Nynorsk kultursentrum er ei ideell stifting med hovudføremål å arbeide for nynorsk skriftkultur. Stiftinga skal kunne eige og drive språklege og litterære dokumentasjons- og opplevingssenter, festivalar, digitale tenester og forretningstiltak som er med og oppfyller dette føremålet.

§ 2 Grunnfond

Stiftinga skal ha eit grunnfond på minimum 100 000 kroner.

§ 3 Driftsinntekter

Driftsinntektene for stiftinga Nynorsk kultursentrum, medrekna offentleg og privat tilskot, skal gå til å dekkje driftsutgiftene for dei tiltaka stiftinga set i verk og har ansvar for. Overskot skal ikkje betalast ut, men brukast i arbeid for hovudføremålet.

§ 4 Styret

Styret skal leie arbeidet med stiftinga i samsvar med føremålet. Det skal føre tilsyn med forvaltning av økonomi og ressursar og vere hovudansvarleg for å gjennomføre stiftingstiltaka.

Styret har sju medlemer. Fire medlemmer blir oppnemnde av staten for fire år om gongen, to blir oppnemnde av rådet i tråd med § 6 i vedtektene for fire år om gongen, og ein av dei tilsette for to år om gongen. Staten oppnemner to varamedlemer i prioritert rekkjefølgje for fire år om gongen. Rådet og dei tilsette oppnemner ein varamedlem kvar, begge for to år om gongen. Ved første gongs oppnemning skal to statsoppnemnde og ein rådsoppnemnd styremedlem med varamedlem oppnemnast for to år. Så langt råd er, skal like mange kvinner og menn oppnemnast eller veljast til styret. Ingen styremedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.

Styret er vedtaksført når minst fire styremedlemer er til stades.

Innan utgangen av mars kvart år skal styret i møte fastsetje årsoppgjeret. Etter at årsmelding og rekneskap er godkjende i det møtet, er funksjonstida over for det sitjande styret. I nytt møte same dagen tek eventuelle nye styremedlemer over etter dei som har gått ut. I dette møtet skal leiar og nestleiar veljast for to år om gongen.

Styret skal tilsetje dagleg leiar og utarbeide arbeidsinstruks for denne.

Styret skal kvart år innan utgangen av april sende inn årsoppgjer med revisjonserklæring til Kultur¬departementet.

§ 5 Revisjon

Årsoppgjer skal reviderast av statsautorisert revisor. Revisor blir vald av rådet.

§ 6 Rådet

Rådet skal sjå til at stiftinga arbeider i samsvar med føremålet. Rådet kan vedta fråsegner om alle spørsmål som vedrører stiftinga, men kan ikkje gi bindande pålegg til styret.

Rådet skal ha minst 15 medlemer med personlege varamedlemer, alle oppnemnde for to år om gongen. Desse institusjonane har rett til å oppnemne medlem med varamedlem til Rådet:

Det Norske Teatret

Hordaland fylkeskommune

Høgskulen i Sogn og Fjordane

Høgskulen i Volda

Landssamanslutninga av nynorskkommunar

Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

Møre Folkehøgskule

Møre og Romsdal fylkeskommune

Møreforsking Volda

Noregs Mållag

Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

Noregs Ungdomslag

Rogaland fylkeskommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sunnmøre Museum

Telemark fylkeskommune

Ulvik herad

Universitetet i Bergen

Universitetet i Oslo

Universitetet i Tromsø

Vestmannalaget

Vinje kommune

Volda kommune

Ørsta kommune

Rådet kan samrøystes vedta at nye institusjonar får rett til kvar å oppnemne ein representant med personleg varamedlem til rådet, dersom institusjonen sluttar seg til føremålet for stiftinga og betaler inn minst 10 000 kroner til grunnfondet. Slikt vedtak om tilslutning frå nye institusjonar er ikkje ei formell vedtektsendring i høve til § 8.

Institusjonar som oppnemner representantar til rådet, skal så langt råd er, oppnemne ei kvinne og ein mann. Ingen rådsmedlem kan sitje meir enn åtte år i samanheng.

Rådet vel ei valnemnd på tre medlemer for to år om gongen. Ein av medlemene i nemnda skal vere rådsmedlem, ein annan blir vald etter innstilling frå styret i Nynorsk kultursentrum. Ved kvart val går minst ein medlem ut slik at kvar medlem kan ha ei funksjonstid på inntil seks år.

Rådet skal ha ein ordførar, som skal innkalle til og leie rådsmøta, og ein varaordførar. Ordførar og varaordførar skal veljast for to år om gongen.

Rådet skal oppnemne to styremedlemer med ein varamedlem og velje revisor for stiftinga.

Rådet skal ha minst eitt møte i året, til drøfting av årsoppgjer og drifta av stiftinga. Rådet er vedtaksført når eit fleirtal av medlemene er til stades. Styret kan vere til stades på rådsmøta. Stiftinga Nynorsk kultursentrum stiller sekretær til rådvelde for rådet.

§ 7 Godtgjersle

Valnemnda innstiller til rådet om reglar for godtgjersle for verv i Nynorsk kultursentrum og kor stor godtgjersla skal vere. Rådet gjer endeleg vedtak i saka.

§ 8 Vedtektsendringar

Styret kan vedta endringar i vedtektene med 5/7 fleirtal. Framlegg om vedtektsendringar må gå fram av innkallinga til møtet. Før endringar av vedtektene blir vedtatt skal framlegg drøftast i rådet. Vedtektsendringar er bindande frå det tidspunktet dei er godkjende av Kulturdepartementet.

§ 9 Oppløysing

Styret kan vedta å oppløyse stiftinga med 5/7 fleirtal. Oppløysingsvedtak er berre gyldig dersom rådet har slutta seg til oppløysingsvedtaket med 3/4 fleirtal. Framlegg om oppløysing må gå fram av møteinnkalling. Dersom stiftinga blir oppløyst, skal alle aktiva overførast til eit fond som skal nyttast til å fremje arbeidet for nynorsk skriftkultur.

§ 10 Avhending av eigedom

Den rørlege og urørlege eigedomen til stiftinga kan ikkje avhendast, med mindre det følgjer av gjenstandens art eller føremålet med å tileigne seg gjenstanden.

Først publisert: 01.02.2019
Sist oppdatert: 06.06.2019