Hopp til innhold
X
Innhald

Historia vår

Allkunne AS vart skipa 20.8.2008 av Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum. Nettstaden www.allkunne.no vart offisielt opna 20.10.2009. Nynorsk kultursentrum overtok alle aksjane i Allkunne AS i 2012 og 1.8.2016 vart Allkunne innlemma som ei driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum.

Allkunne publiserte frå opninga i 2009 og fram til hausten 2011 i hovudsak tekstar om den nynorske kulturhistoria. No er vi eit ålment oppslagsverk, med nye artiklar kvar dag.

Lansering av allkunne.no

Ein pilotversjon av nettstaden www.allkunne.no vart opna 26. mai 2009, medan den offisielle lanseringa var 20. oktober same året på Bryne, i Førde, Hovdebygda, Oslo og på Ål.

Tekstar skrivne til lanseringa:

Aina Basso: «Huset til far min»

Arnfinn Kolerud «Til Allkunne»

Bergljot Nordal «Du må leite og finne»

Linn T. Sunne «Greitt, greitt»

Kristine Tofte «Til lukke, Allkunne!»

Historia vår

23.2.1999 legg Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum fram for Det Norske Samlaget det første notatet om eit allment digitalt leksikon på nynorsk, etter samtalar med Audun Heskestad og Sverre Tusvik. Det Norske Samlaget har til då omtalt eit slikt mogleg prosjekt i sine søknader om statstilskot sidan tidleg i 1990-åra. Frå no av tek begge institusjonane prosjektet med i sine søknader om statstilskot.

20.8.2001 legg J.W. Cappelens Forlag saman med Det Norske Samlaget, NRK og Schibsted fram eit anbod om ein nasjonal kunnskapsbase der nynorsk og bokmål skal vere likeverdige målformer. Nynorsk kultursentrum er ein av fleire strategiske samarbeidspartnarar.

8.11.2001 stoppar regjeringa Bondevik planane for utvikling av ein nasjonal kunnskapsbase med statlege midlar. Planane føresette bruk av både nynorsk og bokmål.

31.3.2005 presenterer Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum ein omfattande prosjektplan for Nynorsk digitalt leksikon.

10.11.2005 legg regjeringa Stoltenberg fram det første statsbudsjettet sitt, med forslag om å løyve 1,5 millionar til Nynorsk digitalt leksikon i 2006.

13.12.2005 vedtek Stortinget med 85 mot 23 røyster å løyve 1,5 millionar til Nynorsk digitalt leksikon.

19.12.2006 omdisponerer Stortinget løyvinga for 2006 på 1,5 millionar til Nynorsk digitalt leksikon til «produksjon av nye artiklar om nynorsk kulturhistorie på Internett».

18.2.2007 legg Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget fram prosjektplanen 1001 tekstar som blir grunnlaget for den vidare utviklinga av Allkunne.

20.4.2007 har redaksjonen i prosjektet sitt første møte i Aasen-tunet.

20.8.2008 skipar Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum det tilslutta selskapet Allkunne AS som skal utvikle og drive eit allment nynorsk leksikon på Internett. Randulf Rønningen er tilsett som første daglege leiar frå 1.9.

19.2.2009 blir Eirik Helleve tilsett som dagleg leiar i Allkunne AS frå 1.4. Allkunne har no kontor på Voss.

20.10.2009 opnar Håvard B. Øvregård nettleksikonet Allkunne.no. Opninga blir markert på Bryne og Ål, i Oslo, Førde og Ørsta. Dagleg leiar er Eirik Helleve, og hovudredaktør er Ottar Grepstad. I redaksjonen sit Aina Basso, Kjerstin Gjengedal, Kirsti Langstøyl, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik. Ved opninga inneheld nettleksikonet 842 artiklar på til saman 1,2 millionar teikn. 55 forfattarar har levert artiklar eller har artiklar i arbeid.

30.12.2009 kjøper Allkunne AS rettane til å omsetje, redigere og publisere 32 000 artiklar frå Caplex, utgitt av Cappelen Damm. Allkunne har opsjon på å kjøpe fleire artiklare seinare.

2.6.2010 blir Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tilsett som ny dagleg leiar og ansvarleg redaktør i Allkunne no. Ho tek til i stillinga 9.8., og Allkunne har frå no av kontor i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

4.5.2012 lanserer Allkunne ein av dei første nynorske mobilapplikasjonane. Applikasjonen er tilgjengeleg for iPhone og Android og er utvikla av Avento AS.

19.6.2012 står styret i dei to eigarselskapa, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum samrøystes bak ein kjøpsavtale der Nynorsk kultursentrum kjøper aksjane til Samlaget. No er Allkunne AS eit heileigd dotterselskap i Nynorsk kultursentrum.

4.12.2012 blir Stina Aasen Lødemel som redaksjonssekretær frå 1.1.2013. Ho har arbeidd med prosjekt for Allkunne sidan 2009. No har Allkunne AS to fast tilsette.

20.8.2013 feirar Allkunne AS sitt eige femårsjubileum med å lansere ein fornya nettstad.

11.2.2015 tek Allkunne over Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK.

Sommaren 2015 lanserer Allkunne ny nettstad med integrert søk i Nynorskordboka, nye menyar, ny utsjånad og grafisk profil og betre søk. Allkunne blir tilrettelagd som godkjent, digitalt hjelpemiddel til eksamen.

10.6.2016 vedtek generalforsamlinga i Allkunne AS å oppløyse selskapet per 31.7.2016. Den 10.6.2016 vedtek styret i Nynorsk kultursentrum å omorganisere Allkunne til driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum frå 1.8.2016 på linje med Aasen-tunet og Hauge-senteret.

1.9.2016 tek Stina Aasen Lødemel til som konstituert redaktør i Allkunne.

1.2.2017 tek Per Magnus Finnanger Sandsmark til som redaktør i Allkunne. Sandsmark vart tilsett 30.8.2016. Lødemel som var konstituert redaktør til og med 31.1.2017 går attende til stillinga som redaksjonssekretær.

© Nynorsk kultursentrum

Først publisert: 24.01.2014
Sist oppdatert: 01.02.2017