Hopp til innhold

Du må leite og finne

Det er tysdags morgon, og du sit tung og still på stolen ved pulten og tenkjer forsiktig for deg sjølv, slik treng det ikkje vere, for eg kan noko, slikt som ikkje trengst her, men eg kan, og eg veit, og eg har funne noko som gjer at eg finn endå meir, tenkjer du, så du manglar berre å vite å bruke slikt du har funne, slik at når du veit at Firda, avisa i Førde i Sunnfjord i Sogn og Fjordane, gjekk frå riksmål til landsmål 5. januar 1921, at ho blei stifta i 1918, og at ho i dag er den største nynorske dagsavisa i landet, då kan du tenkje at slikt er kjekt å vite, slikt er kjekt å ha i mente, og om du skulle gløyme Firda, så gløym no ikkje Folkevennen, som trykte Luther-salmen «Vaar Gud han er vaar faste Borg», omsett av Ivar Aasen. Dette er den første salmen som blei omsett til landsmål (1855). Og då kan du seie, når læraren vil bla opp på Elias Blix si omsetjing, kan du reise deg, gripe ordet, sparke frå og fortelje med skjelvande morgongroggy røyst at du veit, det stemmer ikkje, for slikt er ikkje alltid slik ein trur det er, og du veit, for du veit å leite og veit å finne, og du kan avdekkje at det var Ivar, Ivar Aasen sjølv, som omsette salmen aller først, aller, aller først, før Elias Blix i Nokre Salmar i 1869.«Vaar Gud han er so fast ei Borg», heiter ikkje det, han heiter «Vaar Gud han er vaar faste Borg»! Og slikt kan du slå i bordet med! Og medan du står og ropar i skogen, og medan forsamlinga framleis sit og gaper, kan du fortelje meir, om Harald Stanghelle om du vil, ein markant pressemann, politisk redaktør i Aftenposten og aktiv i utviklinga av den politiske journalistikken i Noreg. Norsk politikk, seier kanskje nokon i forsamlinga, dei skjønar ikkje riktig kva du snakkar om, norsk politikk seier du, for du har jo leita og funne, har du ikkje, det parlamentariske styresettet, Noreg og demokratiet og det parlamentariske ansvaret som er det politiske ansvaret som blir gjort gjeldande i Stortinget mot regjeringa eller delar av regjeringa, for vi har jo mindretalsregjering, seier du og somme nikkar, for dette har dei høyrt før, det ordet, mindretals- og regjering, og no er du så godt i gang at du like godt kan halde fram, du har lese om Austevoll kommune, og stemma di rungar mellom veggene, kommunen er ein grådig viktig fiskerikommune, seier du, og har den største notflåten i landet, i landet! Det går eit sus gjennom forsamlinga, alt du veit! Nokre beveger seg uroleg nede ved utgangen, og det slår deg at dei er urolege fordi dei ikkje skjønar kva du snakkar om, så du nemner Hellbillies, norsk country- og rockeband etablert i Ål i Hallingdal i 1990, som ei slags forlenging av Kådnbandet, med Aslag Haugen, song og gitar, Lars Håvard Haugen gitar, mandolin og steelgitar, Arne Moslåtten, trekkspel, gitar og fløyte, Arne Sandum bass, og Bjørn Gunnar Sando, trommer. Og dei nikkar anerkjennande, men så tenkjer du, fillern heller, ein skal jo ikkje nikke til slikt ein allereie veit, ein skal nikke til slikt som er nytt, slikt ein ikkje veit, og du ropar grunge, stilretning innanfor tungrocken som oppstod i slutten av 1980-åra, Nirvanas album Nevermind (1991) Pearl Jam, Mudhoney, Alice In Chains og Soundgarden, nokre av dei hippe opplyste nikkar, og du ropar attende bluegrass – musikksjanger, stilretning innanfor amerikansk countrymusikk som oppstod i 1940-åra, namn etter gruppa Blue Grass Boys, som igjen hadde teke namnet sitt etter heimstaten Kentucky (som blir kalla The Blue Grass State på grunn av ein grasart som er utbreidd der). Då slår døra opp. og det er rektor, er det ikkje? Rektor som til vanleg gyngar som ein cowboy bortover gangen, som enno ikkje veit det, men som anar at det er i Blue Grass han skal finne sjela si. Han prøver å la vere å smile, og lyfter hovudet for å seie noko, men du har ordet, det er berre du som har ordet, for du har meir på lager, dei har masa på deg i ei eviglang æve om at du skal lære det dei pratar om, men du har funne sjølv, du har leita og funne sjølv, og dette er allment og dette er ditt, som at Per Inge Torkelsen er klovn og forfattar og fyller år 21. mars, og at han faktisk blei juniornoregsmeister i tryllekunst i 1972, i 1972! Same året som FNs første miljøvernkonferanse, United Nations Conference on the Human Environment, Stockholmskonferansen, blei avvikla. Det var miljøvern på syttitalet òg, i gamle dagar, om du vil! Og det var to år etter Sylfest Lomheim, som du berre må nemne fordi han har dette namnet, Sylfest Lomheim, omsetjingsforskar og språkdirektør, slutta som reporter i Sportsrevyen i NRK TV, den første nynorskbrukaren i Sportsrevyen i NRK TV, Sylfest Lomheim, to år etter blei Per Inge Torkelsen juniornoregsmeister i tryllekunst!
Men er det så viktig? ER det så viktig at det er Oddgeir Bruaset han heiter, han som er programleiar i Der ingen skulle tru at nokon kunne bu? Er det så viktig at den eine faste pianisten i Beat for beat heiter Gisle Børge Styve og kjem frå Førde, Førde i Sunnfjord i Sogn og Fjordane, som har den største nynorskavisa i landet? Det er jammen ikkje mange som bruker nynorsk lenger, men det er færre som bruker dyirbal, det er kring fem menneske i den nordlege delen av den australske delstaten Queensland, seier du, Queensland, spør nokon, Queensland, ja, svarer du, langs kysten mot Korallhavet. Norsklæraren din står og måpar, for kva kan han seie, han kan ikkje seie noko, for han veit ikkje dette, for han har ikkje leita, men du har leita, du har funne det du vil vite, og det er at dyirbal eigentleg heiter bala dyirbal, og at språket blir rekna til ei dyirbalisk undergruppe av pamanyungisk, saman med nyawaygi og wargamay, og at alle tre språka nesten er utdøydde. Kvinna ser mannen: Baŋgun dyugumbiɽu bayi yaɽa buɽan.
No kan du gjere kva du vil, no kan du seie kva du vil, for ingen vågar motseie deg, og makta er di, for kunnskap er makt, og du fortel om alle frikativa som ikkje finst i dyirbal, [f, s, ç, ʃ, x] – og det engelske ordet sugar 'sukker' er lånt som bala dyuga, og cigarette 'sigarett' er lånt som balam dyiga. Og om det ikkje er viktig, så er det i alle fall sant!
Og no rettar du deg i ryggen og ser forsamlinga djupt i auga, for kven har vel bestemt kva som er viktig eller ikkje, og for desse fem som har dyirbal som førstespråk, er det livsviktig, å få uttrykkje seg på språket sitt er ein menneskerett og essensielt for å kunne uttrykkje seg fritt og naturleg, slik sett er all kunnskap styrt av eit imperialistisk tankesett, der kunnskapsdepartementet og media prøver å forme kunnskapane til den oppveksande slekta etter sine eigne kunnskapar. Dette seier du, og det undrar deg stort, du må ta deg til hovudet, for det svimlar for deg, for kva er vel viktig og uviktig, og er ikkje det aller, aller viktigaste å leite, og vite å leite? Og forsamlinga ropar, jau! Så du hoppar i vêret. Det er dette, tenkjer du, det er dette vi ønskjer. Og du blir matt og trøytt og morgongroggy att. Ikkje at du har funne svaret, men du har i alle fall funne noko, og det er meir enn ingenting. Du tek deg til hovudet att og leverer nokre smålåtne fakta, utan for store påstandar, for å roe ned att, for å kvile litt, for å la andre tenkje sjølve om til dømes året 1797, for då opna Sivert Aarflot på Ekset i Volda eit gratis «Laane-Bibliothek i Ørstens Sogn» med 104 av sine eigne bøker. Det var truleg det første biblioteket på landsbygda i Noreg. Frå 1799 femner biblioteket også om Volda hovudsokn. Med tida blir Ivar Aasen ein av dei flittigaste brukarane av boksamlinga. Rektor nikkar roleg ved døra, og norsklæraren tørkar bort ei tåre, dette visste ho ikkje, så rørande å vite det, at Ivar Aasen brukte Sivert Aarflot på Ekset i Volda si boksamling.
Du set deg ned att på stolen, nokon klappar, andre småler. Du smiler matt og tilfreds. Det er stritt, men nokon må gjere det, og kvifor skulle denne nokon vere deg? Du må leite, leite, leite og finne.
- - -
Tekst skriven til lanseringa av Allkunne 20. oktober 2009. Nordal las sjølv opp teksten på eit arrangement på Ål ungdomsskule. Brukt med løyve frå forfattaren.

Først publisert: 13.04.2010
Sist oppdatert: 19.04.2010