Hopp til innhold

Til Allkunne

20. oktober 2009 kunne mange foreldre puste letta ut. Før kunne ein risikere at ungen såg opp frå leksebøkene sine og spurde mor si: «Kan du greie ut om jamstillingsvedtaket frå 1885?» Då kunne mora svare: «Det får du spørje far din om!» Så gjekk ungen til far, og der fekk han svar. Men, viste det seg, ikkje alltid rett svar. No kan foreldra svare: «Du får slå opp i Allkunne!»

Då eg voks opp i 1980-åra, hadde vi ikkje Internett. Vi hadde ripsbusknett. Dei låg samanrulla i store kister på loftet i eit uthus. Om hausten strekte vi netta over ripsbuskene i hagen, for at fuglane ikkje skulle stikke av med bæra. Rips var like surt å ete då som no, men om ein blandar det med bringebær, blir det ganske god saft av det. Sjølv var eg mest interessert i morelltreet vårt, men det var like høgt som huset, og heilt umogleg å strekkje eit nett over.

Om eg – ein haustdag i 1982 – hadde fått tre ønske oppfylt, ville dei ha sett slik ut:
1 Eit helikopter skal kome og leggje eit stort nett over morelltreet.
2 Eg skal vere flink til å klatre.
3 Systrene mine skal ikkje vere flinke til å klatre.
I dag er vi ikkje lenger så ivrige med nett over bæra. Men no har vi fått Internett. Dette nettet strekkjer seg over heile verda og femner om alt, gamalt og nytt, surt og salt, fisk og ufisk, ofte på bokmål, sjeldan på nynorsk. Om du søkjer på «Tarjei Vesaas», får du likevel 7510 treff. Ein skulle tru det var nok. Men no kjem det altså eit nytt nettleksikon, som i første omgang skal ta for seg nynorsk kulturhistorie. Nynorsk kulturhistorie – vil det bli noko anna enn ei samling med nekrologar over menn som har levd lenge og lese seg krokryggja i grammatikkbøker dei sjølve har skrive?
Spørsmål:
Kva skal vi med eit nynorsk nettleksikon når vi allereie har fleire fullt brukande på bokmål?
Vi kan koke spørsmålet ned til det same gamle: Kva skal vi med nynorsk når vi har bokmål?
Eller: Kvifor skal vi heie på fotballaga til Aalesund og Sogndal når vi like gjerne kan heie på Lillestrøm?
Kvifor må så mange absolutt ete pinnekjøtt på julaftan når ein kan greie seg godt med griseribbe?
Kvifor kan ikkje alle stemme på Arbeidarpartiet og flyge med SAS og tru på Gud? Og kvifor skal kvar einaste fjord og dal ha sin eigen bunad? Hadde det ikkje vore nok med ein type, til dømes vestopplandsbunaden?
Og kvifor er det slik i store selskap at når alle har forsynt seg med gryterett og ris, så er det alltid ein av gjestene som ikkje tek til å ete, men som rettar handa i vêret og spør verten: «... Eeh ..., du har ikkje soyasaus?» Det har verten ikkje, men sjølvsagt, om gjesten vil seg sjølv så vondt at han vil ha soyasaus på risen, så skal han få det, og så må vertinna flyge rundt på bygda etter eit glas soyasaus som datoen ikkje har gått ut på.
Det er mykje styr med demokratiet.
Vi kan velje og vrake i ulike slag mjølk og skor og dyner og kjæledyr. Og slik vil folk ha det. Men når det gjeld norsk, meiner mange, hadde det vore nok med berre eit einaste skriftspråk.
Eg vil ete nynorsk sjokolade.
Eg vil gifte meg på nynorsk.
Eg vil gå i nynorske t-skjorter.
Eg vil ha parkeringsbøter på nynorsk.
Eit leksikon på nynorsk er sjølvsagt. Men kva skal vi bruke det til?
Svar: – Til å klatre i.
Tida for å surfe på nettet er nok ikkje over. Når vi surfar, rir vi på bølgjer. Og det kjem nye bølgjer heile tida. Eg har meir tru på klatring enn surfing. Eg har stor tru på sjølvplukk, og gjerne frå store høgder. Og eg har meir tru på morellar enn gran, sjølv om gran er det mest populære treet vårt, truleg fordi det ein dag i året ligg pakkar under det med namna våre på.
Eg trur ikkje at opprettinga av Allkunne vil føre til at ungdomen no stiller seg på venteliste for å få låne Aasmund Olavsson Vinje si beste bok: Ferdaminne frå sumaren 1860. Og dei vil ikkje gå i demonstrasjonstog for at «Millom bakkar og berg» skal vere første strofe i nasjonalsongen vår.
Vi får vente bitte litt med det.
Om eg no, ein haustdag i 2009, skulle få tre ønske oppfylt, må dei bli omtrent slik:
1 Det skal kome eit stort nynorsk klatretre fullt av morellar, og gjerne litt rips, men då må det vere bringebær på nabokvisten.
2 Eg skal vere flink til å klatre.
3 Systrene mine skal vere like flinke til å klatre.
Lukke til!
- - -
Tekst skriven til lanseringa av Allkunne 20. oktober 2009. Kolerud las sjølv opp teksten på eit arrangement på Hafstad vidaregåande skule i Førde. Brukt med løyve frå forfattaren.

Først publisert: 13.04.2010
Sist oppdatert: 20.10.2016