Hopp til innhold

Til lukke, Allkunne!

Til lukke med den offisielle opninga, Allkunne!

Då eg gav ut Song for Eirabu i juni 2009, visste eg at det ville kome spørsmål om visse val eg hadde teke. Eg hadde valt å skrive noko så aparte i norsk samanheng som fantasy for vaksne, eg hadde valt å bruke namn frå norrøn mytologi som nasjonalistane lenge hadde hatt i sine klamme hender. Eg skildra ei fjortenårig jente sin seksualitet, dyredrap og fadermord så blodstanken reiv i nasen.
Eg rekna med at nokon ville reagere. Og reaksjonane kom: Om lag alle journalistane eg snakka med, spurde meg kvifor eg hadde skrive på nynorsk.
Språk er den reiskapen som definerer menneska, som art, som grupper og som individ. Spedbarn kommuniserer frå første time i verda, reagerer på ansikt, søkjer blikkontakt, hermar mimikk og munnrørsle. Ikkje-kommunikasjon er ikkje mogleg når menneske er innan sansevidde, vi er sosiale og tolkande dyr, og verda kring oss blir forstått gjennom språket.
Etter at språk er innlært, vil språk infiltrere all tenking resten av livet. Vi lærer kva som er venta av oss, kva for avgrensingar og kva for handlingsrom vi har, av språket i seg sjølv, for språk er kulturberande og metta med sosial informasjon.
Eg gav ut den første boka mi, og folk ville vite kvifor eg hadde skrive på mitt eige språk.
Vegen dit var ein stor boge.
Eg gjekk alle skuleåra frå første klasse til og med vidaregåande i ein nynorskkommune. Folk på Stord snakkar ein dialekt som ligg tett opp til nynorsk skriftspråk. Eg voks opp med nynorsk lokalavis (med nyhende om politiet som «kverrsette prov»), nynorske lærebøker og nynorsk skjønnlitteratur.
Bokmål var eit tullespråk dei snakka på barne-tv, og som vi sjølvsagt nytta i leik for å vise at vi var i ei rolle.
Eg forstod likevel etter kvart at det fanst folk andre stader, i byane, som tok bokmål alvorleg. Folk som meinte at nynorsk var for særleg interesserte, og at nynorsk var vanskeleg. Folk kunne la seg imponere over den nynorske rettskrivinga mi, slik eg tok meg i å vere imponert over born som kunne snakke fransk i Frankrike.
På vidaregåande skulle eg vere taktisk, eg skulle ta del i den nasjonale majoritetskulturen, og skifta hovudmål til bokmål. Dette nynorskspråket var rett nok eit heilt greitt skriftspråk som gjorde det mogleg for meg å skrive om lag slik eg snakka. Men let's face it, tenkte eg, det er eit mål for industriarbeidarar, bønder og tettstadfolk. Eg skulle trass alt ut i verda og bli lærd, og kunne like godt leggje dette utkantspråket bak meg.
Så kom eg på universitetet, med treårig bokmålsk hovudmål bak meg, budd på byfolk og akademia.
Første førelesning, sjølvaste filosofiprofessor Gunnar Skirbekk stod framfor oss, med grått hår og frisert skjegg, forfattaren av læreboka i filosofihistorie, den mest akademiske mannen eg nokon gong hadde sett. Eg var starstruck.
Det viste seg at filosofihistorieboka var skriven på nynorsk.
Det var som eit rom opna seg i skallen. Det fanst nynorsk her. På toppen av pallen, midt i byen, høgst på Høyden, og djupast inne i universitetet si sjel.
Den boka endra den forserte vegen min inn i det bokmålske. Eitt verk skrive av ein enkelt mann gjorde det mogleg for meg å få vekse meg inn i akademia, i vaksenlivet, i skjønnlitteraturen på mitt eige språk.
Ein dag vil kan hende nokon fortelje same historia om allkunne.no.
I 1991 var det lærebøkene på universitetet som stod sterkast i livet mitt, som språkutviklande informasjonskjelder. I dag er det i like stor grad den informasjonen ein kan finne på verdsveven som formar språket, og det er der eit språk kan vise livsdugleiken sin.
Mi von for allkunne.no er at det får vekse seg ordrikt og omfattande. Kvart einaste treff de får, viser nokon der ute at dei kan halde på språket sitt, at dei ikkje treng leggje det frå seg ved kommunegrensa, eller ved terskelen inn i høgare utdanning, eller når dei skal skrive si første bok.
Takk Allkunne, for å vere i verda for alle som veks opp med nynorsk som sitt språk.
Takk og hjarteleg til lukke med dagen!
- - -
Tekst skriven til lanseringa av Allkunne 20. oktober 2009. Brukt med løyve frå forfattaren.

Først publisert: 13.04.2010
Sist oppdatert: 20.10.2016