Hopp til innhold
X
Innhald

Allkunne søker fagkonsulentar

Har du utdanning i kjemi eller kanskje farmakologi? Kan du mykje om svensk, dansk, russisk eller arabisk litteratur? Er du dyktig på historia til Kina, India, Egypt eller Nord-Afrika? Då kan du bli fagkonsulent for Allkunne.

Allkunne er eit digitalt oppslagsverk på nynorsk. Vi publiserer kvar dag nye artiklar. Nokre av artiklane er nyskrive om aktuelle emne, og andre er oppdaterte og omsette artiklar frå Caplex. Vi søker deg som kan fagområdet ditt godt og kan vurdere kva som er viktig å ha med i eit digitalt oppslagsverk eller ikkje.

Oppdrag
Fagkonsulenten skal sikre at artiklane som blir publiserte inneheld opplysingar som er korrekte, oppdaterte og har tilstrekkeleg informasjon til at lesaren lærer noko meir enn ho visste då han eller ho søkte opp artikkelen.

Som fagkonsulent skal du sortere artiklane i tre delar; artiklar som kan gå rett til omsetjing, artiklar som treng oppdatering, og eventuelt artiklar som ikkje lenger er relevant å ha med. 
Dersom det også er gjort avtale om oppdatering, skal du deretter oppdatere artiklane du har sortert til å trenge oppdatering. 

Honorar
For gjennomlesing og sortering av Caplex-artiklar får fagkonsulent godtgjersle per artikkel. Per 1.1.2017 blir arbeidet honorert med kr 4 400,00 for dei første 200 artiklane, deretter kr 27,00 per artikkel. For færre enn 200 artiklar får fagkonsulent kr 27,00 per artikkel. I tillegg får forfattaren betalt for sjølve redigeringsarbeidet: Det er for tida 472,21 per 1000 teikn.  Artiklane er som regel ganske korte, så arbeidsmengda er ikkje o

Dersom du er stø i nynorsk kan du også få tilbod om å skrive nye artiklar om emnet. Dei blir sjølvsagt også honorerte. 

Fagområde der vi ser etter fagkosulent:
• Kjemi
• Farmakologi
• Svensk litteratur
• Dansk litteratur
• Afrikansk litteratur
• Russisk litteratur
• Arabisk litteratur
• Klassisk litteratur (gresk og latin)
• Kinesisk og japansk litteratur
• Fransk, italiensk, spansk, portugisisk, tysk litteratur 
• Finlands historie
• Europeisk historie
• Kinas historie
• Indias historie
• Egypts historie
• Amerikansk historie
• Nord-Afrikas historie

Lista er sist oppdatert 18. august 2017

Ta kontakt med Allkunne på tlf. 70 04 75 95 eller allkunne@allkunne.no for fleire opplysingar, og avtale om oppdrag. Skriv gjerne litt om fagbakgrunnen din i e-posten. 

Først publisert: 31.05.2017
Sist oppdatert: 18.08.2017