Hopp til innhold
Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel.
Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel.
X
Innhald

Allkunne.no er ti år

20. oktober 2019 fylte allkunne.no ti år. I 2008 blei Allkunne skipa, og nettstaden allkunne.no opna i 2009.

Leksikon har i fleire hundre år vore viktig for ein felles kulturarv og kunnskapsproduksjon. Målrørsla og dei store nynorskinstitusjonane tok på 1990- og 2000-talet opp fleire prinsipielle spørsmål knytte til nynorsk i den digitale utviklinga. Ideen om eit digitalt oppslagsverk vaks fram på 1990-talet. Nynorske organisasjonar og institusjonar samla seg på 2000-talet om at eit allment nynorsk leksikon på internett var det viktigaste nye nynorsktiltaket. I 2008 blei Allkunne skipa, og nettstaden allkunne.no opna i 2009. I dag har allkunne.no over 25 000 artiklar om all verdas emne, og vi veks kvar dag.

Å ha eit redigert nettleksikon på nynorsk er viktig av mange grunnar. For det første gjer det verda tilgjengeleg på nynorsk. Det er viktig at folk finn redigert kvalitetsinnhald på sitt eige språk, og dei store debattane i samfunnet bør ha omgrep og kjelder på nynorsk. Allkunne dokumenterer  også nynorsk kulturhistorie systematisk.

I Noreg er det 500 000–600 000 nynorskbrukarar. Allkunne skal vere eit tilbod til alle desse, og vere eit verkemiddel for å gjere kvardagen enklare for nynorskbrukarane. Innhaldet på Allkunne passar både ungdom og vaksne, uansett kor dei bur i landet, og uansett om dei er nynorsk- eller bokmålsbrukarar. Å vere ei påliteleg kjelde i ei tid der falske nyheiter og desinformasjon florerer, kjem alle til gode.

Først publisert: 11.10.2019
Sist oppdatert: 21.10.2019