Hopp til innhold

Informasjon om avvikling av Allkunne og samarbeid med SNL

Styra i Store norske leksikon (SNL) og Nynorsk kultursentrum har samrøystes vedteke at Store norske leksikon tek over delar av Allkunne, og har gjort avtale om vidare samarbeid for meir nynorsk kunnskapsformidling på nettet frå 1. januar 2021. Allkunne blei avvikla frå same dato.

Nettstaden allkunne.no blir tilgjengeleg, men ikkje oppdatert, i avviklingsfasen.

Allkunne-innhald til Store norske leksikon

Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon har, i tillegg til overtakingsavtalen, signert ein samarbeidsavtale som skal sikre meir nynorsk på internett. Nynorsk kultursentrum er frå 1. august 2020 medlem i foreininga Store norske leksikon. Nynorsk kultursentrum kjem til å bruke same tal årsverk og midlar som før.

SNL overtek artiklane som er originalskrivne for Allkunne, noko som utgjer opptil om lag 3 000 artiklar. I løpet av 2021 blir artiklane flytta over frå allkunne.no til snl.no.

Les pressemeldinga om samarbeidet mellom Nynorsk kultursentrum og Store norske leksikon.

Forretningsovertaking av forlagsrettar

Overtakinga av Allkunne blir gjort som ei forretningsovertaking, jamfør punkt 10 i forfattaravtalen.

10 Overdraging av forlagsretten

Utgivaren kan ikkje overdra rettane sine etter denne avtalen utan samtykke frå Forfattaren, med mindre rettane er del av ei forretning eller ei forretningsavdeling og blir overdregen saman med denne. Overdragaren blir verande ansvarleg for at avtalen med Forfattaren blir oppfylt.

Dette betyr at SNL tek over avtalane Allkunne har hatt med forfattarane, og innhaldet som er del av forretningsovertakinga. Forfattarane i Allkunne har fått informasjon om dette frå Store norske leksikon. Du finn også meir informasjon om overføringa på snl.no.  

Kva skjer med resten av artiklane på Allkunne?

Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane

Nynorsk kultursentrum har inngått avtale med Vestland fylkeskommune om overtaking av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (om lag 7 000 artiklar). Innhaldet blir overført til Fylkesarkivet, som er ein del av verksemda i seksjon arkiv i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Med avviklinga av Allkunne sikrar dette at innhaldet i Fylkesleksikonet blir tilgjengeleg for allmenta også i framtida. 

Les pressemeldinga om overtakinga: Fylkesleksikonet i Sogn og Fjordane kjem heim.

Les meir om Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.

Nynorsk.no

Noko av innhaldet frå allkunne.no vil bli overført til Nynorsk kultursentrum sin nettstad nynorsk.no.

Artiklar med opphav frå Caplex

Artiklar som spring ut av oppdatert innhald frå det tidlegare papirleksikonet Caplex, blir på sikt truleg fjerna (om lag 15 000 artiklar). 

Les meir om Caplex-innhaldet.

Kva skjer med allkunne.no?

Allkunne.no blir tilgjengeleg med dagens innhald i ein periode i 2021 medan innhaldet blir flytta. SNL skal ikkje drive nettstaden vidare etter dette.

Etter 1.1.2021 blir ikkje artiklane på allkunne.no lenger oppdaterte. Har du innspel eller rettingar til innhaldet, kan du likevel melde det inn, sidan innhaldet blir overført til andre partar. 

Sosiale medium

Med 10 000 følgjarar på Facebook, Instagram og Twitter er det mange som har følgt Allkunne i sosiale medium. Som del av avtalane med Store norske leksikon tek SNL over Allkunne sine kontoar i sosiale medium. Facebook-sida er slått saman med SNL si side, og vi håper mange følgjer denne vidare for å få nye kunnskapsdrypp i straumen. Her finn du sida (hyperlenkje). Det er førebels ikkje bestemt kva som skjer med Allkunne sine kontoar på Instagram og Twitter. 

Takk!

Vi ønskjer å nytte høvet til å takke alle som har bidrege til å byggje opp Allkunne: redaksjonen, forfattarar, fagkonsulentar og språkfolk. Utan Allkunne og dykkar bidrag hadde det vore mindre nynorsk faktainnhald på internett. No er tida ei anna, og Nynorsk kultursentrum skal saman med Store norske leksikon arbeide for meir nynorsk kvalitetsinnhald til fleire. Artiklane som forfattarar har skrive for Allkunne, lever vidare på snl.no og blir framleis fritt tilgjengelege for lesarane. Nynorsk kultursentrum skal halde fram med å jobbe for og med digital kunnskapsformidling.

Allkunne var ei avdeling i Nynorsk kultursentrum, og dei tilsette held fram i andre stillingar i organisasjonen. 

Spørsmål?

Har du spørsmål knytt avviklinga eller innhaldet, kan du kontakte Stina Aasen Lødemel, tidlegare redaktør og noverande prosjektleiar for avviklinga av Allkunne (stina.aasen.lodemel@nynorsk.no). 

Først publisert: 02.11.2020
Sist oppdatert: 25.06.2021