Hopp til innhold
X
Innhald

Mobilapplikasjonar for Android og iPhone!

Allkunne presenterer ein av dei første nynorske applikasjonane på marknaden.

Det nynorske, digitale oppslagsverket Allkunne, lanserar 4.mai 2012 mobilapplikasjonar for iPhone og Android.
-          Mobil og nettbrett står i dag for ein stor del av nettbruken. Derfor er det svært viktig å ha nettsider tilpassa plattformene der lesarane er. I fjor lanserte Allkunne mobiltilpassa nettside, og no følgjer vi opp satsinga på mobile plattformer med applikasjonar, seier dagleg leiar Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.
 
 
Allkunne er eit nynorsk digitalt oppslagsverk, som er gratis tilgjengeleg på Internett. Så langt inneheld nettstaden allkunne.no rundt 5000 artiklar. Allkunne har fram til i år hovudsakleg konsentrert seg om nynorsk kulturhistorie, men tok i 2012 steget over til å verte eit fullverdig leksikon. Allkunne har i stor grad har satsa på originalskrivne tekstar om personar og institusjonar som elles ikkje finst i andre oppslagsverk. Vi har lagt særleg vekt på personar, institusjonar og organisasjonar, aviser og kommunar knytt til nynorsk skriftkultur og artiklar om språk og språklege emne. No er Allkunne i gong med å publisere tekstar også om andre emne, og vi vil på sikt verte eit ålment oppslagsverk.
Det finst ei uendeleg rekkje mobilapplikasjonar, men enda er det lite nynorske applikasjonar på marknaden.  Med mobilapplikasjonane til Allkunne har lesaren alltid eit kvalitetssikra nettleksikon for handa.
-          Allkunne er eit gratis, digitalt oppslagsverk med kvalitetssikra tekstar.  Vi er eit motmaktprosjekt og gir lesarane nynorsk kvalitetstekst, i ei tid der internett fløymer over med usikra informasjon og artiklar. Det er viktig for demokratiet at det finst fleire røyster i det offentlege romet, og Allkunne vil vere der brukarane er, seier Rotevatn.
 
Mobilapplikasjonane er utvikla av Avento AS i Ålesund.
 
Mobilapplikasjonane kan lastast ned i App Store og Google Play (tidlegare Android Market).  Android-versjonen kan òg brukast på nettbrett.

Først publisert: 04.05.2012
Sist oppdatert: 18.08.2015