Hopp til innhold

Morsmålsdagen: Blikk for språk

Målet med den internasjonale morsmålsdagen er å fremje språkleg og kulturelt mangfald. På allkunne.no finn du faktastoff om språk i mange former, og om mange morsmål.

21. februar blir den internasjonale morsmålsdagen feira over store delar av verda. Dagen blei vedteken av Unesco i 1999 og markert første gongen i 2000. Morsmålsdagen har som mål å fremje og auke forståing for språkleg og kulturelt mangfald.

I Allkunne har vi alltid med oss det nynorske blikket og det allmenne språkblikket. Derfor har vi i ein artikkel om Dante Alighieri eit kapittel om Dante på norsk, og i artikkelen om Iran og andre land har vi eigne kapittel om språk.

Med det nynorske blikket legg vi vekt på å få fram ting som kan gje lesaren større innsyn i den nynorske kulturhistoria. Regionale og lokale tilhøve viktige for Allkunne. Det finst mange måtar å sjå verda på, og det er viktig å ha redaksjonelt innhald som også ser verda frå eit anna perspektiv enn frå hovudstaden.

Allkunne.no er den mest omfangsrike kjelda om nynorsk kulturhistorie. Her finst det tusenvis av artiklar om folk og institusjonar som har forma historia, og ei eiga temaside om den nynorske skjønnlitteraturen. Med seriane «Dagen i dag» og «Eit språk blir til» blir den nynorske kulturhistoria dokumentert systematisk. I serien «Dagen i dag» kan du både lese glimt frå den nynorske kulturhistoria og korte forteljingar om språk knytt til dagens dato. På dagens dato kan du mellom anna lese bakgrunnen for morsmålsdagen.

På Allkunne-temasida «Språkfakta» kan lesarane finne statistiske fakta om språk frå heile verda. Språkfakta 2015 er ei forteljing om språk i Noreg og verda, og er den mest omfattande dokumentasjonen av språk som nokon gong har vore gitt ut på norsk, skrive og samla inn av forfattar og språk- og litteraturvitar Ottar Grepstad. Grepstad blei i 2018 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen han har gjort for å fremje nynorsk språk, litteratur og skriftkultur. Språkfakta 2015 er resultatet av eit 20 år langt arbeid. Den samla utgåva av Språkfakta 2015 er ei forteljing om språk i Noreg og verda gjennom meir enn 850 tabellar og annan statistisk dokumentasjon. På allkunne.no kan du lese utdrag frå Språkfakta 2015, presenterte med informasjonsgrafikk, tabellar og eit interaktivt språkkart. 

I språkartiklane i serien «Språk i verda» kan du mellom anna lese om språk med mange millionar brukarar, språk med berre nokre få brukarar, språk med klikkelydar og plystrelydar, språk utan slektskap til andre språk, språk som manglar talord og fargenemningar, og om språk som har døydd ut og stått opp att. Og sjølvsagt finn du også artiklar om nynorsk, bokmål og norsk, og artiklar om alle dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Kanskje lærer du noko nytt om morsmålet ditt her? Språkartiklane er skrivne av lingvist Rolf Theil, professor emeritus i allmenn og afrikansk lingvistikk ved Universitetet i Oslo og ein uvanleg språkmektig formidlar av kunnskapar om språk frå heile verda.

Anten du vil bli betre kjent med den nynorske kulturhistoria eller lese om språk frå heile verda, finn du dette på allkunne.no – pluss mykje, mykje meir. Allkunne har over 26 000 leksikonartiklar om all verdas emne, og det kjem stadig nytt og lærerikt lesestoff på nettstaden.

Peikar

FN-sambandet: Den internasjonale morsmålsdagen, fn.no

Først publisert: 21.02.2020
Sist oppdatert: 26.02.2020