Hopp til innhold

Foto: Hild Nordal
Foto: Hild Nordal
X
Innhald

Nynorsk kultursentrum tek over Allkunne

Pressemelding                                                                                                        9.august 2012
Nynorsk kultursentrum tek over Allkunne
Nynorsk kultursentrum satsar på Allkunne og kjøper alle aksjane i selskapet.
Styra i dei to tidlegare eigarselskapa, Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum, står samrøystes bak kjøpsavtalen der Nynorsk kultursentrum kjøper aksjane til Samlaget.
På generalforsamling 27. juni 2012 blei styret i Nynorsk kultursentrum valt til styre i Allkunne AS. Tilsette og redaksjon blir med vidare. Allkunne og Samlaget skal framleis samarbeide om innhald.
Allkunne AS er eit nynorsk, digitalt oppslagsverk som er gratis tilgjengeleg på internett og som mobilapplikasjon. Dei tilsette har kontor i Ivar Aasen-tunet.
- Endringa på eigarsida inneber at Nynorsk kultursentrum i tida framover vil satse tungt på å utvikle Allkunne AS vidare, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Reidar Sandal.
 
Allkunne skal framleis utvikle elektronisk kvalitetsinnhald på nynorsk som når ut til mange, er fagleg og språkleg påliteleg, og som er til nytte for både skuleelevar og vaksne nettbrukarar.
- Det er eit stort behov for redigert røynd og meir digitalt stoff på nynorsk som er fagleg påliteleg og språkleg godt, seier Sandal.
 
Allkunne har i dag om lag seks tusen artiklar og veks heile tida. Artiklane femner om nynorsk kulturhistorie, men også emne som filosofi, naturvitskap, samfunnsvitskap, jus og politiske biografiar. Målgruppa til Allkunne er skuleelevar og folk flest.
 
For meir informasjon:

Reidar Sandal, styreleiar: 916 28 387
Ottar Grepstad, direktør i Nynorsk kultursentrum: 906 16 727
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, dagleg leiar i Allkunne: 90 84 39 77

www.allkunne.no
På twitter: @allkunne
Last ned Allkunne gratis i AppStore eller GooglePlay

Først publisert: 09.08.2012
Sist oppdatert: 29.10.2012