Hopp til innhold
Denne månaden har det kome nye artiklar om med anna vikingar og vikingtid.
Denne månaden har det kome nye artiklar om med anna vikingar og vikingtid.
Foto Guillaume Baviere, Flickr.com (CC BY-SA 2.0..jpg
X
Innhald

Nytt frå Allkunne i februar 2017

Denne månaden kom det mange nye artiklar om vikingar og vikingtid. Artikkelen om samiske språk er den flest har lese i februar.

Formidlinga av den nynorske kulturhistoria har blitt utvida med artiklar om Jacob Aano, Torleiv Bolstad og Ludvig Olai Botnen. Musikarane i Majorstuen og Tore Bruvoll har fått eigne artiklar. Frå det norske til Norden: Det har kome mange nye gode artiklar om nordisk historie. Vi kan kanskje særleg løfte fram artiklane om vikingar, vikingtida og dei mindre kjente væringane. Litt nyare nordisk historie (enn vikingar) er òg kome på plass med blant anna trekongemøte og skandinavisme. Her har det òg kome med mange nye bilde denne månaden.

Denne månaden har det òg blitt publisert mange nye artiklar om britisk, irsk og amerikansk litteratur. Forfattarane Nelly Sachs og W.G. Sebald har blitt omtalt i Allkunne denne månaden. Heim igjen: Eivind Myklebust har skrive ein god artikkel om Hans Herbjørnsrud. Det er laga ei oversikt over vinnarar av Diktartavla (lyrikkprisen Hauge-senteret er med på å dele ut).

For å halde oss i Hardanger: Lars Sponheim og andre fylkesmenn og politikarar har fått eigne artiklar denne månaden. Blant dei Brit Skjelbred, Geir Jørgen Bekkevold og Helen Bjørnøy. Alle artiklar om levande norske politikarar har blitt oppdaterte med informasjon om yrke og noverande verv.

Tilbake til Hardanger og journalistikken: Halgeir Opedal. Frå Sunnmøre har Roar Hagen fått sin eigne artikkel denne månaden. Sakprosaforfattar Morten Strøksnes er òg på plass.


Mange artiklar har blitt oppdaterte i samband med kommune- og regionreformene. Dei ligg samla på denne temasida. Til slutt i denne oppramsinga kan vi nemne at burmesisk har fått plass blant språka i verda.

Dei fem mest lesne artiklane i februar var

1. Samiske språk

2. Ivar Aasen

3. Samnorsk

4. Gunnstein Akselberg

5. Platonisk

At Gunnstein Akselberg har kilt seg inn mellom samnorsk og platonisk skuldast nok språksjovet til Linda Eide.

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 11.09.2017