Hopp til innhold
X
Innhald

Nytt frå Allkunne i februar 2018

Denne månaden kom det nye artiklar om blant anna metoo og svensk. I tillegg har mange forfattarartiklar fått nye bilete.

Dei ti mest lesne artiklane i januar var:

1. Ivar Aasen

2. Samnorsk

3. Gunnstein Akselberg

4. Platonisk

5. Reidun Førde

6. Samiske språk

7. Kapteinsgarden Måren

8. Ulukkesdagane 8. og 9. februar

9. Tarjei Vesaas

10. Aasmund Olavsson Vinje

All viraken rundt dei olympiske leikane synst på Allkunne ved at dopingekspert Reidun Førde kom inn på topplista. Elles har Samefolkets dag, som er det offisielle namnet i lovverket, nok gjort artikkelen om dei samiske språka aktuelle.

Svensk

Dei svenske dialektane glid gradvis over i kvarandre, men av pedagogiske grunnar har det tradisjonelt vore vanleg å dele dei i seks hovudområde, som vist på dette kartet (illustrasjon i kapittelet «Språksystem» i artikkelen om svensk). Kartgrunnlag landegrenser: Kartverket CC BY 4.0. Illustrasjon: Stina Aasen Lødemel CC BY 4.0.

Med artikkelen om svensk har Allkunne no artiklar om alle dei nordiske språka. Les om dialektar og språksystem i artikkelen, og sjekk gjerne også ut nynorsk, bokmål, færøysk, dansk og islandsk.

Metoo

Illustrasjon med emneknaggen #metoo.

Allkunne har publisert ein omfattande artikkel om kva metoo-rørsla er, og korleis denne rørsla heng saman med andre politiske og kulturelle trendar. 

Nynorskforfattarar med nye bilete

Vesaas, Tarjei og Vesaas, Halldis Moren TV og HMV med koffert, 1958 beskore.jpg?w=600
Ekteparet Halldis Moren og Tarjei Vesaas. Foto: Nynorsk kultursentrum, arkiv.

Sjekk blant anna artiklane om Aslaug Vaa, Ingebjørg MælandsmoArne Garborg, Halldis Moren Vesaas, Hans Skjervheim, Sven Moren og Gro Holm.

Først publisert: 28.02.2018
Sist oppdatert: 28.02.2018