Hopp til innhold
Professor ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg
Professor ved Universitetet i Bergen, Gunnstein Akselberg
Foto: UiB, nytta etter avtale
X
Innhald

Nytt frå Allkunne i januar 2018

Denne månaden kom det nye artiklar om språkdød, enaresamisk og lånord. I tillegg var artikkelen om språkforskar Gunnstein Akselberg blant dei ti mest lesne artiklane denne månaden.

Dei ti mest lesne artiklane i januar var:

1. Ivar Aasen

2. Samnorsk

3. Andre verdskrig i Sogndal

4. Platonisk

5. Gunnstein Akselberg

6. Clara Øberg

7. Kristian Tonning Riise

8. Martin Luther

9. Rolf Jacobsen

10. Samiske språk

Språkarkiv ved Institutet för de inhemska språken i Helsingfors. Foto: Allkunne.
Språkarkiv ved Institutet för de inhemska språken i Helsingfors. Foto: Allkunne.

Det at professor Gunnstein Akselberg har kilt seg inn mellom platonisk og Clara Øberg skuldast nok språksjovet til Linda Eide. For den språknysgjerrige kan vi også nemne at vi har fått nye artiklar om lånordspråkdød og det revitaliserte språket enaresamisk. Enaresamisk er offisielt språk i ein kommune i Finland, og landet Finland har vi også ny artikkel om. Verd å lese er også den nye artikkelen om Trøndelag fylke, eller Trööndelagen som det heiter på sørsamisk. For den språk- eller historieinteresserte kan også artikkelen om reformasjonen vere nyttig.

Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Stortinget.
Solveig Sundbø Abrahamsen. Foto: Stortinget.

Same dagen som dei nye medlemmane i regjeringa vart presentert la Allkunne ut nye og oppdaterte artiklar om alle statsrådane i Solberg-regjeringa. På nettstaden finn du også fått nye artiklar om fleire stortingsrepresentantar, som Helge André Njåstad, Knut Flølo og Solveig Sundbø Abrahamsen.

 

Anne Viken. Foto: Tove K. Breistein / Samlaget. Med løyve for Allkunne.
Anne Viken. Foto: Tove K. Breistein / Samlaget. Med løyve for Allkunne.

Allkunne har mange nye artiklar frå den nynorske kulturhistoria denne månaden. Blant dei viktigaste er målpioneren Marta Steinsvik, den populære hestebokforfattaren Anne Viken og forfattarane Haakon GaraasenWenche KrossøyAake Verdal og Olaf Berg.

Først publisert: 31.01.2018
Sist oppdatert: 02.02.2018