Hopp til innhold
Forfattar Maria Parr.
Forfattar Maria Parr.
Foto: Samlaget
X
Innhald

Nytt frå Allkunne i mars 2017

Denne månaden kom det nye artiklar om utanlandske statsleiarar, som Angela Merkel. På topp 10-lista i mars kom blant anna forfattaren Maria Parr og artikkelen om islam.

Den austerrikske kjernefysikaren Lise Meitner har fått plass i Allkunne. Det har òg den tyske kjemikaren og forbundskanslaren Angela Merkel. Du kan også lese om den førre statsministren i Storbritannia, David Cameron, den noverande statsministeren i Canada, Justin Trudeau.

Om du er interessert i norsk samfunnsliv kan du lese om olje- og energiminister Terje Søviknes, EU- og EØS-minister Frank Bakke-Jensen, justisminister Per-Willy Amundsen, fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane, kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen, leiaren i Mållaget Magne Aasbrenn eller leiar for e-tenesta Morten Haga Lunde. Sistnemnde blei kåra til Årets nynorskbrukar

For den kulturinteresserte er det blant anna nye artiklar om forfattaren Helga Flatland, låtskrivaren Johannes Kleppevik og skodespelaren Frank Kjosås.

Om du er interessert i fisk, så har vi fått på plass artiklar om ulike fiskeartar. Det har også kome nye artiklar om Noreg før 1814. Elles er det verdt å nemne nye fyldige artiklar om Napoleonskrigane og Danmark-Noreg under dei same krigane.

Dei ti mest lesne artiklane i mars var

1.       Ivar Aasen

2.       Samnorsk

3.       Noreg

4.       Platonisk

5.       Tarjei Vesaas

6.       Maria Parr

7.       Aasta Hansteen

8.       Andre verdskrigen i Sogn og Fjordane

9.       Oskar Braaten

10.   Islam

Først publisert: 28.02.2017
Sist oppdatert: 11.09.2017