Hopp til innhold
X
Innhald

Vil du skrive forfattarbiografiar for Allkunne?

I 2018 er Allkunne 10 år, Nynorsk kultursentrum 25 år og Det Norske Samlaget 150 år. I tillegg er det jubileum for Aasmund Olavsson Vinje og Solveig Muren Sanden. Allkunne markerer dette med ei storsatsing på nynorsk litteraturhistorie. Vi søker deg som kan skrive biografiartiklar om forfattarar som har skrive på nynorsk og dialekt.

Vi søker både deg som kan skrive mange artiklar, og du som kan tenkje deg å skrive eit par. Allkunne har malar om biografiar og vi gjer avtale om lengde på artikkelen på førehand. Vi har mykje erfaring med å rettleie nye forfattarar, så du vil få god oppfølging. 

Arbeidet er honorert etter vanlege leksikonsatsar, etter avtale mellom Norsk fagforfatter- og oversetterforening og Nynorsk kultursentrum.  Alle forfattarar skriv to prøveartiklar før dei blir faste forfattarar. Prøveartiklane blir sjølvsagt også honorerte dersom dei blir rekna som publiseringsklare.

Alle artiklane blir vurdert av ein tverrfagleg redaksjon, der fleire har kompetanse på nynorsk skriftkultur og biografiartiklar. 

For deg som er vitskapleg tilsett kan biografien bli registrert i Cristin som "del av bok/rapport - leksikalsk innførsel"

Satsinga på biografiartiklar om forfattarar på nynorsk og dialekt er ein del av satsinga "Røystene som nådde målet" med presentasjon av nynorsk litteraturhistorie, pressehistorie og skriftkultur. Prosjektet er støtta av Fritt Ord og Sparebanken Vest.

For meir informasjon, kontakt redaktøren på allkunne@allkunne.no, så får du tilsendt ei liste over ledige oppslagsord. Skriv gjerne litt om kven du er og kva bakgrunn du har-

Først publisert: 18.08.2017
Sist oppdatert: 18.08.2017