Hopp til innhold
X
Innhald

Om Allkunne

På Allkunne.no finn du over 25 000 kvalitetssikra leksikonartiklar på nynorsk om ulike emne. Bruk oss gjerne på fritida, i skulen og til studiar.

Kva finn du på nettstaden?

Allkunne publiserer kvar dag fleire nye leksikonartiklar, skrive og kvalitetssikra av fagfolk, redaksjon og språkvaskarar. Vi skriv og publiserer artiklar om alle verdas emne. Det tek tid å byggje opp eit allment leksikon, så det er sjølvsagt ein del hol. Blant områda som er best dekka er nynorsk litteraturhistorie, norsk samtidslitteratur, norsk historie, språk i verda og aktuelle biografiar og emne frå samfunn og politikk.

Artiklane våre kjem frå ulike kjelder:

  • nyskrivne artiklar av fagfolk, som Allkunne har tinga, vurdert redaksjonelt og språkvaska.
  • artiklar, som er oppdaterte av fagfolk og omsette, frå Cappelen Damms leksikon Caplex, som vi eig rettane til.
  • lokalhistoriske tekstar frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane, som vi tok over då NRK slutta å drive tenesta
  • tilpassa tekstar frå bokverk om til dømes norsk historie, norske statsministrar, kunstnarar i ungdomslagsrørsla og norske bøker

Vi sørgjer med andre for at allereie produsert kunnskap blir tilgjengeleg for fleire, samstundes som vi får produsert heilt nye artiklar om ulike emne.

Følg oss

Følg oss gjerne på Facebook: facebook.com/allkunne, Twitter: @Allkunne og Instagram: @allkunne, for drypp av kunnskap kvar dag. Allkunne har RSS-matar. Abonnentar får utvalde artiklar automatisk inn i nettlesaren sin, til dømes Reader eller Feedly. Skriv inn http://allkunne.avento.no/rssf... i RSS-lesaren.

Bruk oss

Allkunne blir brukt både i grunnskulen, vidaregåande opplæring og høgare utdanning. Nytt oss gjerne som kjelde, og hugs å tilvise til forfattar, artikkeltittel og Allkunne.no når du gjer det.

Døme:

Anders Aschim: «Reformasjonen», Allkunne.no, https://www.allkunne.no/allkunne/om-allkunne/bruk-av-innhald/1981/0/, sist oppdatert 4.1.2018 [lesedato 11.1.2018]

Fotoa våre er henta frå mange kjelder, og mange av illustrasjonane kan ikkje nyttast utanfor Allkunne.no. Illustrasjonar som Allkunne har brukt med løyve frå opphavsrettshavaraen kan ikkje nyttast av andre utan eige avtale med opphavsrettshavaren. Bilete som er merka med Creative Commons-lissens kan nyttast i tråd med lissens av fotoet.

Vi har halde føredrag om kjeldekritikk, nynorsk i samfunnet, nynorsk kulturhistorie, nynorsk litteraturhistorie, språk og kjelder i verda, nynorsk på Internett og andre emne. Dersom de ønskjer at vi skal delta på eit arrangement, kome på skulebesøk, foreldremøte eller anna er det berre å kontakte oss.

Kven er vi?

Allkunne er eit digitalt, redigert oppslagsverk på nynorsk, eigd og drive av stiftinga Nynorsk kultursentrum. Arbeidet vårt er finansiert gjennom årlege øyremerka tilskot frå Kulturdepartementet, og prosjektstøtte initiert av oss sjølv, frå ulike stiftingar og organisasjonar.  Allkunne blei skipa i 2008 og nettstaden opna i 2009.

Administrasjonen held til i Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda, og Allkunne har to fast tilsette: redaktør og redaksjonssekretær. Ta gjerne kontakt med oss. I tillegg til desse har Allkunne knytt til seg fleire eksterne medarbeidarar: redaksjonsmedlemmar, forfattarar, fagkonsulentar, omsetjarar og språkvaskar.

Nettstaden er eit fritt og sjølvstendig oppslagsverk, redigert etter redaksjonelle retningslinjer for Allkunne som mellom anna byggjer på lov om redaksjonell fridom, Redaktørplakaten, Ver varsam-plakaten og forskingsetiske retningslinjer. Innanfor desse rammene står redaktøren fritt til å forme innhaldet i Allkunne utan redaksjonell innverknad frå styre, råd og/ eller direktøren i stiftinga. Stiftinga driv, i tillegg til Allkunne, Ivar Aasen-tunet, Olav H. Hauge-senteret, Vinje-senteret, åtte nettstader og tre festivalar.

Allkunne finst for at 500–600 000 nynorskbrukarar skal finne kvalitetssikra innhald på nett, om flest mogleg emne på eige språk. Derfor får vi offentleg støtte.

Korleis arbeider vi?

Nyskrivne artiklar er skrive av forfattarar som har kontrakt med Allkunne, og får betalt etter satsar som er avtalt mellom Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening og Nynorsk kultursentrum. Artiklane blir vurderte av ein tverrfagleg redaksjon, og alle nye forfattarar skriv to prøveartiklar før dei skriv fast for oss. Etter at artikkelen har blitt vurdert av redaksjonen, endrar forfattaren artikkelen i tråd med innspela, og artikkelen blir sendt til språkvaskar, før han blir publisert på nettstaden.

Artiklar vi har frå Caplex blir vurdert og oppdatert av fagfolk, før dei blir omsette og publiserte på nettstaden.

I tillegg har vi avtale med forlag og enkeltforfattarar om digital publisering av heile eller delar av eksisterande verk. Då blir innhaldet i størst mogleg grad tilpassa nettleksikonformatet, og oppdatert i tråd med nye opplysingar og ny forsking.


© Nynorsk kultursentrum

Først publisert: 24.01.2014
Sist oppdatert: 15.02.2018