Hopp til innhold
X
Innhald

Informasjonskapslar og personvern

Allkunne.no nyttar som dei fleste andre nettstader informasjonskapslar (cookies) for å halde ikkje-identifiserbar oversikt over besøk på allkunne.no og for å gi ei betre brukaroppleving.

Informasjonskapslar er små tekst-/informasjonsfiler som blir liggjande att på datamaskina di for at tenestene våre skal verke best mogleg for deg som brukar. Å tillate bruk av informasjonskapslar er heilt vanleg og fører ikkje med seg nokon tryggleiksrisiko for deg, men du kan når som helst avslå å samtykkje i lagring av informasjonskapslar.

Lov om bruk av informasjonskapslar

Den reviderte ekomlova (lov om elektronisk kommunikasjon), som gjeld frå 1.7.2013, krev at alle som er ansvarlege for ei nettside, skal innhente samtykke frå brukarane dersom nettstaden bruker informasjonskapslar (cookies). Dette er nedfelt i det som ofte blir omtalt som cookie-paragrafen, § 2-7 b i ekomlova.

I lov om elektronisk kommunikasjon § 2-7 b står det:

§ 2-7 b. Bruk av informasjonskapsler/cookies

Lagring av opplysninger i brukers kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg adgang til slike, er ikke tillatt uten at brukeren er informert om hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen, hvem som behandler opplysningene, og har samtykket til dette. Første punktum er ikke til hinder for teknisk lagring av eller adgang til opplysninger:

1. utelukkende for det formål å overføre kommunikasjon i et elektronisk kommunikasjonsnett

2. som er nødvendig for å levere en informasjonssamfunnstjeneste etter brukerens uttrykkelige forespørsel.

§ 2-7 b. Bruk av informasjonskapsler/cookies

Lagring av opplysninger i brukers kommunikasjonsutstyr, eller å skaffe seg adgang til slike, er ikke tillatt uten at brukeren er informert om hvilke opplysninger som behandles, formålet med behandlingen, hvem som behandler opplysningene, og har samtykket til dette. Første punktum er ikke til hinder for teknisk lagring av eller adgang til opplysninger:

Allkunne er altså pålagt å gi informasjonen som kjem fram på denne sida for å kunne nytte informasjonskapslar.

Samtykke til bruk av informasjonskapslar

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som nettstaden lagrar på brukaren si datamaskin. Lagring av opplysningar og handsaming av desse opplysningane er ikkje tillate med mindre brukaren både er blitt informert om og har gitt samtykke til handsaminga.

Samtykkekravet er å rekne som oppfylt gjennom førehandsinnstilling av informasjonskapslar så lenge brukaren får klar og tydeleg informasjon på den aktuelle nettstaden om bruken av informasjonskapslar.

Allkunne har valt å oppfylle kravet gjennom sprett-opp-vindauge nedst på nettstaden, der brukarane har høve til å følgje ei lenkje til meir informasjon (denne sida) eller lukke vindauget, samtidig som at det òg nedst på alle sidene på allkunne.no ligg ei lenkje til denne informasjonen.

Ved å nytte allkunne.no samtykkjer du i bruken av informasjonskapslar på denne nettstaden.

Det er nok at brukaren samtykkjer éin gong. Brukaren kan når som helst trekkje tilbake samtykket eller endre innstillingane for informasjonskapslar i nettlesaren.

Dei fleste nettlesarar er innstilte på automatisk å akseptere informasjonskapslar, men du kan velje å endre innstillingane slik at informasjonskapslar ikkje blir aksepterte. Det kan føre til at allkunne.no ikkje fungerer optimalt.

Analyse og statistikk

Allkunne samlar inn ikkje-identifiserbar informasjon om besøkjande på allkunne.no. Døme på opplysingar vi hentar inn, er kor mange besøkjande vi har, kvar dei besøkjande kjem frå, kva sider som blir besøkte, osv. Allkunne bruker informasjonen vi hentar inn, til å lage statistikk over besøkjande og bruksmønsteret, og til å analysere bruksmønsteret som reiskap for å betre brukaropplevinga.

Oppbevaring av informasjonskapslar

Levetida for informasjonskapslar kan variere frå type til type. Nokre blir sletta straks du går ut av allkunne.no, andre blir lagra lenger. Vanleg tid for oppbevaring av informasjonskapslar er 12–24 månader.

Her kan du finne ut korleis du handterer innstillingane for informasjonskapslar i ulike nettlesarar:

Vi gjer merksam på at allkunne.no sine tenester ikkje vil fungere optimalt dersom du slettar eller slår av bruken av informasjonskapslar.

Nyhendebrev

Du kan abonnere på nyhendebrev frå Allkunne. I den samanheng må vi registrere namnet ditt og e‑postadressa di. Opplysingane blir berre brukte av Allkunne, og eventuelt Avento, som driftar nettstaden vår. Ingen opplysingar blir selde eller gitt vidare til tredjepart. Du kan når som helst melde deg av nyhendebrevet, og opplysingane dine blir då sletta.

Ansvarleg

Allkunne, ved ansvarleg redaktør, er ansvarleg for bedrifta si handsaming av personopplysningar. Det daglege redaktørmyndet for nettstad og andre digitale medium er delegert til dagleg leiar i Allkunne. Rredaktøren kan delegere det daglege ansvaret og handsaminga av opplysingane til tilsette og samarbeidspartnarar som har behov for desse opplysingane for å drifte eller vidareutvikle tilbodet vårt. Ingen opplysingar blir selde eller gitt vidare til tredjepart.

Allkunne bruker ingen informasjonskapslar som kan identifisere enkeltbrukarar, enkeltbrukarar sitt bruksmønster eller på annan måte hente inn informasjon som kan krenkje personvernet.

Først publisert: 26.04.2015
Sist oppdatert: 01.02.2017