Hopp til innhold
X
Innhald

Redaksjonelle retningslinjer

Allkunne har like sidan stiftinga av selskapet i 2008 vore redigert på sjølvstendig grunnlag.

Vedtak i styret 10.6.2016, gjeld frå 1.8.2016

1 Bakgrunn

Allkunne har like sidan stiftinga av selskapet i 2008 vore redigert på sjølvstendig grunnlag. Under føresetnad av ei omorganisering til driftsavdeling i stiftinga Nynorsk kultursentrum vedtok styret desse redaksjonelle retningslinjene i møte 10.6.2016.

2 Rettleiande dokument

Desse retningslinjene byggjer på fleire rettleiande dokument:

  • Prosjektplan 1001 tekstar, 2007
  • Vedtekter for Allkunne AS, 2008 med seinare endringar
  • Redaktørplakaten, sist revidert 2004
  • Ver varsam-plakaten, sist revidert 2015
  • Forskningsetiske retningslinjer for samfunnsvitenskap, humaniora, juss og teologi, sist revidert 2016
  • God skikk. Om bruk av litteratur og kilder i allmenne, historiske framstillinger, 2006
  • Lov om redaksjonell fridom i media, 2009
  • Forfattarhandbok for Allkunne, sist revidert 2016

Tilsette i Allkunne skal vere godt kjende med desse dokumenta.

3 Utgivar

Stiftinga Nynorsk kultursentrum er utgivar av Allkunne. Utgivaren fastset dei økonomiske og strategiske rammene for verksemda gjennom fleirårige strategiplanar, årlege driftsbudsjett og gjennom oppnemning av redaksjon.

Som utgivar syter stiftinga for at nettstaden Allkunne.no heile tida har ein dagleg leiar med delegert redaktørmynde i samsvar med punkt 6.

4 Overordna omsyn

Allkunne er redigert i samsvar med utgivarens grunnsyn, føremålsparagraf og visjon, og ut frå prinsippet om redaksjonelt sjølvstende.

Allkunne skal publisere fagleg påliteleg og forskingsbasert kunnskap utvikla gjennom fagleg fridom og heile tida gjere det som er mogleg for at publikum skal kunne ha tillit til form og innhald.

5 Administrasjons- og publiseringsspråk

Administrasjonsspråket i Allkunne er nynorsk. Alle administrative dokument og publiserte artiklar følgjer den husnorma som er fastsett for Nynorsk kultursentrum.

6 Ansvarleg redaktør og delegert mynde

Dagleg leiar i Nynorsk kultursentrum er ansvarleg redaktør for Allkunne. I dette ligg ansvaret for at Allkunne på alle punkt arbeider innanfor norsk lov.

Det daglege redaktørmyndet for nettstad og andre digitale medium er delegert til dagleg leiar i Allkunne.

7 Redaksjonelt sjølvstende og etterretteleg informasjon

Dagleg leiar skal gjennom Allkunne fremje og gjennomføre ei sakleg og fri kunnskapsformidling. Allkunne skal vise respekt for menneskets eigenart og identitet, privatliv, etnisitet, nasjonalitet og livssyn.

Innanfor dei rammene som er fastsette ovanfor, står dagleg leiar fritt til å forme innhaldet i Allkunne utan redaksjonell innverknad frå styre, råd og/eller dagleg leiar i stiftinga. Eigaren kan ikkje instruere eller overprøve dagleg leiar i redaksjonelle spørsmål eller krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete før publisering. Dagleg leiar avgjer med endeleg verknad spørsmål om redaksjonelt innhald, presentasjon og publisering.

Dagleg leiar skal vere fri og uavhengig av personar eller grupper som av ideologiske, økonomiske eller andre grunnar vil øve innverknad på det redaksjonelle arbeidet, og ikkje gi etter for press som kan hindre fri kunnskapsformidling Redaksjonsmedlemer skal på same måten vere frie og uavhengige.

Dagleg leiar, andre tilsette i Allkunne og alle medarbeidarar i Allkunne skal verne om sitt sjølvstende og truverde, og sin integritet. Dette inneber å unngå dobbeltroller, verv, oppdrag eller bindingar som kan skape interessekonfliktar eller så reell tvil om habilitet.

Allkunne skal vere fagleg påliteleg og oppdatert, kritisk og nyansert, presis og lett tilgjengeleg i all informasjon som blir publisert. Framstillinga av emne skal vere fagleg a jour og ikkje prega av umedvitne vurderingar eller av at forfattaren har gjort seg opp ei meining på førehand. Særleg viktig er ordlegginga i omtalen av avdøde.

Artiklar i Allkunne skal vere velskrivne og korrekt skrivne og blir først publiserte eter at dei er vurderte redaksjonelt og klargjorde språkleg.

Allkunne arbeider for breidd og relevans i kjeldevalet og kontrollere at opplysningane i publisert stoff er rette.

Allkunne tek ikkje mot artiklar som er blitt til med støtte frå ein tredjepart som har interesser i saka, annonsørstyrt innhald eller innhaldsmarknadsføring, og er reklamefritt.

Krava til aktsemd i skriftleg framstilling gjeld også for illustrasjonar. Allkunne skal verne om truverdet til fotografi og andre visuelle innslag som blir brukte i framstillinga. Ingen bilete må endrast slik at dei skaper eit falskt inntrykk. Manipulerte bilete kan berre brukast som illustrasjonar når det går tydeleg fram at det dreiar seg om ein montasje.

Allkunne skal vere varsam med å opprette peikarar til innhald som bryt med god publiseringsskikk.

Tilsette i stiftinga kan ikkje skrive artiklar for Allkunne om nokon del av verksemda til stiftinga. Det same gjeld personar som blir inhabile i kraft av denne regelen.

8 Kunngjering

Dette dokumentet skal alltid vere tilgjengeleg på Allkunne.no og vere kjend for alle medarbeidarane i Allkunne.


© Nynorsk kultursentrum

Først publisert: 01.09.2016
Sist oppdatert: 02.09.2016